Hopp til innhold

Dugnadsgjengen leitte etter plast – det fann dei nok av

– Det ligg framleis mykje att. Vi kunne sikkert halde fram i det uendelege.

Lustringane ryddar i Mørkridsdalen.

NOK: Det var nok å ta av for dugnadsgjengen som laurdag tok til på ryddearbeidet etter flaumen i Mørkridsdalen.

Foto: Privat

Det seier styremedlem i Skjolden bygdelag, Stine Mari Flikki. Laurdag såg ho 50 små og store sambygdingar samle seg til ein solidaritetsaksjon etter flaumen i Mørkridsdalen førre helg.

Målet var å samle plast. Og plast var det nok av.

– Dalen var mest heilt kvit. Gjerdingar var surra kvite i plast frå rundballane og det låg strødd langs vegen. Det var eit tragisk syn, seier Flikk.

– Tungt arbeid

I løpet av den dramatiske søndagen for ei veke sidan tok elva i Mørkridsdalen vegar, skog og rundballar i hopetal. Mange rundballar løyste seg opp under ferda mot Lustrafjorden.

Denne veka har også Kystvakta og Kystverket rydda fleire tonn drivgods frå fjorden.

Lustringane stilte på dugnad

STILTE: Med smått og stort stilte 50 lustringar til dugnad, medan flaumråka bønder jobba iherdig med å få vegane i stand att etter flaumen.

Foto: Privat

I vel tre timar reiv og sleit dugnadsgjengen i går på rundballeplast. Med store skader i naturen, vart det ein krevjande jobb.

– Plasten var surra rundt gjerde og tre, og låg nedgrave i jord, stein og grus. Det var eit tungt arbeid. Uansett kor vi reiv og sleit, så låg det framleis i jorda, seier Flikki.

– Det ligg mykje att

Lustringane rydda Mørkridsdalen for plast

MYKJE: Dette er berre noko av det dugnadsgjengen fekk rydda vekk frå dalføret laurdag. – I det store og det heile blir det ikkje mykje, men vi må byrje ein stad, seier Stine Mari Flikk i bygdelaget.

Foto: Privat

Medan menneskemakt gjorde jobben i terrenget, gjekk ein traktor i skytteltrafikk til og frå containeren som Luster kommune sponsa til aksjonen.

– Vi tok det som var mest synleg frå vegen, og lettast å komme til, seier Flikki.

Malplasserte rundballar, tre og andre større ting fekk ligge i denne omgang.

– Det ligg mykje att. Vi tok berre eine sida av elva, og det ligg meir på andre sida. Det ligg også mykje i elva, men den er vanskelegare å kome til. Der er det ikkje trygt å gå heller, seier ho.

Imponert over innsats

Lustringane starta ryddearbeidet etter flaumen.

STRANDSONA: Så mange stilte på dugnad at dei også fekk starta ryddinga i stranda på Skjolden.

Foto: Privat

Bygdefolket i Skjolden er vande med dugnadsarbeid. Flikki er likevel imponert over at så mange stilte. For mange vart det ein sosial samkome, avslutta med dugnadsmiddag for heile gjengen.

– Eg hadde nesten ikkje våga å håpe at det skulle komme så mange. Men lustringane er vande med å jobbe dugnad og stiller opp når det trengst, seier ho.

– Vi var så mange at vi også fekk rydda litt i stranda på Skjolden, legg Flikki til og er klar på at det var viktig å gjere ryddearbeidet no, før plasten blir meir spreidd.

– Det er meldt mykje regn og nedbør att, og det kan komme vind. Førsteprioriteten var å ta det som låg laust før det blir blåst opp i skogen.

– Det ligg mykje att, betyr det at de vil ha fleire dugnader?

– Det kjem litt an på behovet. Bøndene har ikkje fått begynt å rydde sjølve, så kanskje fleire kan hjelpe når bøndene set i gang?