Hopp til innhold

Skapar grønn glede rundt minnetavla i Lodalen - vil heidre dei som omkom

Hagelaget i Loen starta i 1998 med dugnad rundt minnetavla i Lodalen. Men i 2012 skulle dei gjere det skikkeleg. Sjå korleis det gjekk.

Hagelaget i Loen med Sissel i spissen har sidan 1998 teke vare på deet fine blomsterbedet ved minnetavla. Men i 2012 så ville dei gjere det enda finare med skikkeleg mur og mykje meir blomster.

TV-sak: Sjå innslaget frå Lodalen som går i Grønn Glede tysdag 24. juni. Reporter/foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Sissel Tenden har i mange år vore leiar i Loen hagelag, og var primus motor for dugnaden inne i Lodalen. Men i 2012 ville dei lage til ein skikkeleg mur rundt blomsterbedet og kjøpte inn mykje blomster.

Sissel Tenden

Sissel Tenden har vore primus motor for alle dugnadane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi plantar tett for å unngå så mykje ugras. Då vert det meir lettstelt, seier Tenden.

Dei kjøpte inn plantar frå Nederland med friskt mot i 2012, men mange av plantane strauk med i 2013 fordi dei ikkje fekk nok vatn. Dei måtte til tider bruke gyllevogner for å få vatna blomstrane.

Lodalen er eit populært turistmål om sommaren. Det er ikkje langt frå Olden cruiseskip-kai og inn til minnetavla. Den står der inst inne i Lodalen til minne om Lodals-ulukkene.

– Vi skal heidre dei. Det er difor vi gjer det, seier Tenden.


På minnetavla står namna på alle som dei ikkje fann att etter bølgja som raserte Lodalen både i 1905 og i 1936. Eit stort ras datt ned frå Ramnefjellet og laga ei kjempebølgje, slik at mykje av dalen kom under vatn.

Vi har følgt desse ivrige gratisarbeidande folka frå Loen på fleire dugnadar inni Lodalen. Våren 2013 kom til og med den nye båten Kjenndal 2 på plass.

Vi var med då turistane ankom plassen og fekk sjå kor fint det vart inni Lodalen.

Sjå Grønn Glede som går på NRK 1, tysdag 24. juni kl. 19.30.

Kjenndal 2

Her er Kjenndal 2 på plass i 2013.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK