Hopp til innhold

Brevduene har floge heilt frå Danmark

Dei to brevduene som tysdag dukka opp i Sunnfjord skulle fly frå Danmark til Fredrikstad, men det gjekk ikkje heilt etter planen. Og det er gode sjansar for at fleire dukkar opp ...

Brevdue

PÅ AVVEG: Denne brevdua dukka opp i Naustdal, og ei anna kom tuslande inn på Fløtre Maskin AS på Byrkjelo. Begge fuglane har floge heile vegen frå Sør-Danmark, og skulle eigentleg til Fredrikstad.

Foto: NRK-tipsar

Dyrebeskyttelsen fekk tysdag melding om fleire fuglar på avveg i fylket. Ein kanarifugl var funnen i Florø, medan to brevduer dukka opp i Naustdal og på Byrkjelo. Kanarifuglen er no komen tilbake til eigaren som held til i Florø.

Eigaren av brevduene har også meldt seg, men desse fuglane har floge eit lite stykke lenger enn kanarifuglen som berre tok seg ein tur innanfor bygrensene. Dei har nemleg kome heilt frå Danmark, der dei var på treningsoppdrag.

Skulle til Fredrikstad, men ...

Brevduene held opphavleg til i Fredrikstad, og er ein del av ein større flokk som var på treningsoppdrag i Danmark. Dei skulle fly heim igjen til Fredrikstad frå Kolding sør i Danmark, noko dei har gjort før, men på turen gjekk det gale.

– Ifølgje eigaren har dei nok blitt skremt av ein rovfugl, truleg falk, og då har flokken blitt splitta opp. Berre halve flokken har kome heim igjen til Fredrikstad, seier leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, Bettina Astor.

For minst to av brevduene vart turen dermed eit stykke lenger enn det som var tenkt. Normalt brukar dei kring fem timar på turen frå Kolding til Fredrikstad.

Kan dukke opp fleire duer

Astor er usikker på kor mange brevduer som var i flokken, men trur det kan vere snakk om kring 40, og berre halve flokken fann vegen heim.

– Så det kan godt hende at det dukkar opp fleire brevduer her i fylket som har mista orienteringsevna, seier Astor.

Men eigaren frå Fredrikstad var ikkje spesielt uroa, kan ho fortelje.

– Han sa at så lenge dei får påfyll med mat og vatn, så kjem dei seg heim igjen sjølve. Dei er visst veldig godt trente på det, seier Astor.