NRK Meny
Normal

Du må skunde deg om du vil sjå desse frå tribuneplass

SOGNDAL (NRK): Har du planar om å sitje saman med Sogndal-supporterane på Brann Stadion komande søndag? Då må du hive deg rundt for å få billett.

NO ER DEI KLARE: Mathias Dyngeland, Lars Kristian Kjernhus, Petter Strand og Stefan Hagerup er alle bergensarar – og Sogndal-spelarar. Foto/ redigering: Ole André Rekkedal

Fredag ettermiddag kunne supportersjef Vidar Vadseth opplyse at 560 av 850 billettar til bortetribuna alt var selde.

– Så dei som har tenkt seg på Brann Stadion må ut fingeren og få kjøpt seg billettar. Der blir det utseld på søndag, seier Vadseth til NRK.

Meiner leiinga er fortent

Han er ein av mange sogningar som søndag tek turen til Bergen for å sjå Vestlandet sitt svar på «El Clásico». Rett nok er det langt frå Barcelona og Madrid til Bergen, men stemninga kjem til å vere god, lovar Vadseth.

– Det er god stemning i gruppa og mykje positivt energi. Skal eg vere heilt ærleg, så hadde eg gjerne trudd at Brann hadde vore på topp no. Men dei har slite i vår, så då er det vel ikkje feil at det er vi som leiar tabellen.

Vidar Vadseth og dottera Julie framfor huset på Stedje

HAR TRUA: Vidar Vadseth, her saman med dottera Julie, meiner at Sogndal skal klare å ta skalpen på Brann komande søndag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bakke har trua

Før kampen på søndag, har Sogndal eit forsprang på åtte poeng til Hødd på andre og ni poeng på Brann på tredjeplass i 1. divisjon. Sogndal-trenar Eirik Bakke har trua på at spelarane skal klare å hente heim tre poeng frå Brann Stadion.

– Det er jo Sogndal og Brann, og det betyr jo mykje i seg sjølv. Det er også ein viktig poengkamp. Taper vi, så er vi seks poeng framfor, vinn vi så er vi 12 poeng framfor. Det er ein kamp der vi ikkje har noko å tape, det er berre å gå inn og ta rotta på dei, meiner Bakke.

Tre kampar på seks dagar

Den komande veka vil avgjere mykje for Sogndal. Tre kampar på seks dagar er ikkje kvardagskost, sjølv for hardbarka proffspelarar. Først Brann borte på søndag, så Jerv heime onsdagen, før Hødd ventar på Høddvoll neste helg.

– Det er ei veke der vi må vere flinke til å bruke heile troppen vår, slik vi har vore i heile år. Veldig mykje kan avgjerast neste veke for korleis hausten blir, meiner Eirik Bakke.

For Saftkokaradn-sjef Vidar Vadseth er det uansett berre ein ting som gjeld i første omgang, det er at Sogndal tek med seg tre poeng i Bergen. Og kravet til spelarane, formulerer han slik på sognamaol:

«Ein lyt lausa sveitten, det e ein nøyddes te»

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast