Eivind Rossen
- Vi håper dette skal gå så smertefritt som mogeleg. Samstundes er dette store omleggingar i logistikken, så kan det skje at vi feiler litt i starten, seier Rossen.
Flyttar sorteringa
Det er for lengst vedteke at postsorteringa i Florø og storparten av sorteringa i Sogndal blir lagt ned frå helga. Sorteringa blir overført til Ålesund og Bergen. Post frå postnummer som begynner på 67 skal til Ålesund. Resten til Bergen.
Leiger eige fly
For å få dette til har posten leigd eige fly som kvar ettermiddag flyr posten frå fylket til Bergen. Posten blir frakta med bil frå ulike deler av fylket til Bringeland kvar dag, og det logiske er då at dei som bur lengst vekke frå flyplassen må levere tidlegast.
- Ikkje heilt, for vi har teke ein del omsyn til bedrifter som leverer mykje post. Men ein privatkunder må levere inn posten tidlegare, seier han.
Reserveløysing
- Sjølv om posten ut av storparten av fylket no blir avhenging av fly, kva då med regulariteten og dårleg flyver?
- Får vi vertilhøve som stikk kjeppar i hjula for oss, så er vi raske til å overføre posten til bil slik at vi skal oppretthalde kvaliteten, seier han.