Hopp til innhold

Du kan redda utryddingstruga kyr ved å eta dei

Dei gamle storferasane har eksistert sidan vikingtida, men no er det berre 2300 dyr att. Det kan du gjera noko med.

Vestlandsk Fjordfe

SJELDSYNT: Det er berre 560 avlsdyktige dyr att av denne rasen, Vestlandsk Fjordfe.

Foto: Ingvild Oldre Heggom

Storferasar som Vestlandsk Fjordfe og Vestlandsk Raudkolle har vore i Noreg i tusen år. No er dei utryddingstruga. Derfor arrangerte kjøttleverandøren Urfe eit seminar i Høyanger i helga.

Utrydding av gamle storferasar vil gå mot Noreg sine internasjonale plikter, og det vil gå ut over det biologiske mangfaldet. På seminaret prøvde Urfe mellom anna å overtala bønder til våga å satsa på dei gamle rasane. Men det kan vera risikabelt.

Nordmenn flest kjøper nemleg ikkje kjøtt frå dei gamle rasane. Det er vanskeleg tilgjengeleg og kostar om lag 20 % meir enn vanleg storfekjøtt. Det fører til at bøndene ikkje våger å satsa på å auka buskapen.

Dersom fleire åt kjøttet frå dei eldgamle storferasane, ville fleire bønder investert for å få fleire kyr.

– På høgde med kobekjøtt

Kvaliteten på kjøttet er også ein grunn til å redda dei gamle kurasane frå utrydding. Det blir rekna som ei delikatesse.

– Kjøtt frå Vestlandsk Fjordfe er fullt på høgde med kobekjøtt frå Japan, seier Nils S. Drabløs, leiar i Fjordfelaget.

Kobekjøtt frå Japan er rekna som verdas beste kjøtt og kostar om lag førti gonger så mykje som kjøtt av Vestlandsk Fjordfe.

– Kjøttet frå dei gamle, norske storferasane er mørt og har marmorert feitt slik som kobekjøtt har. Marmorering er feitt som er inne i sjølve kjøttet i staden for på utsida. Det gir betre smak, hevdar kokken Bjarte Finne.

Vestlandsk Fjordfe

TRENG STØTTE: Langleite meiner at dei utryddingstruga kyrne treng statleg støtte.

Foto: Ingvild Oldre Heggom

For dyrt

Det kongelege hoffet, Arne Brimi og Michelin-restauranten Ylajali i Oslo er blant dei som brukar kjøtt frå dei gamle rasane. Men det er for dyrt for folk flest.

– Det som er med Noreg, er at vi er vande med at dårleg og god mat i stor grad kostar det same, seier Finne.

– Kjøtt frå dei gamle rasane burde kanskje kosta det dobbelte av kjøttet frå andre rasar. Men det trur eg ikkje restaurantgjestar og forbrukarar er villige til å betala i dag, legg Ola Hammer Langleite til. Han er leiar i kjøttleverandøren Urfe.

Han meiner staten må auka tilskotet til bevaringsverdige kyr. Då kan prisen på kjøttet reduserast, slik at folk flest får råd til det.

Sylvarnes

IDYLLISK: Det er på denne vesle garden på Sylvarnes at nokre av dei utryddingstruga kyrne held til.

Foto: Ingvild Oldre Heggom