Hopp til innhold

No er det berre å finne fram att badetøyet

Om du allereie har pakka det ned, så er det berre å finne fram att badetøyet. – Sjølv om sjøtemperaturen har gått noko ned desse kjøligare vekene, så er det framleis god sjanse for å ta seg eitt bad, seier statsmeteorolog Kristin Seter.

Sommar i Bremanger

SOMMAR: Biletet er frå sommarlege Bremanger. No er det duka for nye strålande dagar.

Foto: Torje Bjellaas / nrk

Etter knallsommaren, så har dei siste vekene vore både våtare og kaldare. Og vått kan det også bli dei kommande dagane.

Dersom du tek turen til badestranda etter arbeid, vel og merke.

– No er det eitt høgtrykk i Atlanteren som pressar austover og ryddar opp i rusk og rask som vi har hatt siste vekene. Det ser ut til å bli tilnærma strålande sol, men fare for morgontåke og kanskje ettermiddagsbyer enkelte stader, seier statsmeteorolog Kristin Seter.

– Går mot betring

For å ta måndagen først, ytre strok i Nordfjord har framleis byggeaktivitet og det vil det nok halde fram med utover måndagen.

Også i indre delar av Sogn kan det vere tendensar til «rusk».

– Men så går det mot betring allereie frå i morgon av. Det er utrygt for låge tåkeskyer på morgonkvisten, men elles blir det mykje fint vêr, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Over 20 grader

Medan temperaturane bikka 30 grader fleire stader tidlegare i sommar, må ein sjå noko lågare på termometeret for å finne kvikksølvet denne veka.

Likevel temperaturane dei neste dagane blir ikkje noko å kimse over.

– Dei beste temperaturane blir frå onsdag av, men det blir absolutt sommarlege temperaturar. Med unntak av kysten, vil det gå over 20, og kanskje over eitt par og tjue i indre strok, seier Livik.

I helga ser det igjen ut til å bli eit nytt avbrekk frå sola. Då er eit lågtrykk venta innover kysten.

– Det er litt tidleg å seie kor mykje nedbør som kan komme, men det ser ikkje ut til å bli noko særskilt å skrive heim om, avsluttar Seter.