NRK Meny
Normal

Du kan få vaksinen etter sjukdomen

Folk risikerer å ikkje få tilbod om vaksine mot svineinfluensa før pandemien er på retur: Først i slutten av november er landets kommunar ferdige med å vaksinere ririkogruppene.

Svineinfluensa

VAKSINE MOT SVINEINFLUENSA: Først i køen står risikogruppene. Friske folk må kanskje vente til den verste sjukdomsbølgja er over.

Foto: George Frey/Getty Images / Scanpix/AFP

Medan landets kommunar har hendene fulle med å vaksinere risikogruppene mot svineinfluensa, kan folk flest å få tilbod om vaksinen først etter den første sjukdomsbølgja er over.

- Ideelt sett bør det vere slik at alle får vaksine før den store bølgja kjem. Men ingen visste korleis viruset kom til å sjå ut før no, seier fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand.

- Det er ikkje ideelt

Etter alt å dømme vil ikkje kommunane vere ferdige med å vaksinere risikogruppene før i slutten av november.

Då kan det vere for seint for alle andre, dersom ein skal komme svineinfluensaen i forkjøpet. Ting tyder nemleg på at den største bølgja då er på retur.

- Det er ikkje ideelt, men slik er situasjonen. Samstundes må vi hugse på at dei fleste ikkje blir sjuke - og at dei fleste av dei som blir sjuke ikkje blir alvorleg sjuke, påpeikar Stensvand.

Får vaksine fram til januar

Helsestyresmaktene tilrår at alle i Norge vaksinerer seg mot svineinfluensa. Først i rekkja står kronisk sjuke og gravide, og det er denne gruppa som i desse dagar vert prioriterte.

Men: mange små kommunar har fått fleire vaksiner målt i forhold til folketalet - og folk her har kortare ventetid.

Ifølgje Stensvand kan det bli utdeling av vaksiner heilt fram til januar neste år.

Tre innlagde ved sentralsjukehuset

Sidan i går er ein ny pasient lagd inn ved Førde sentralsjukehus med mistanke om svineinfluensa. I alt er det no tre som ligg inne ved sjukehuset, ein av dei på intensivavdelinga.

Til no har i alt 63 personar vore lagde inn på Førde Sentralsjukehus med mistanke om svineinfluensa.

HER FINN DU ALL INFORMASJON OM SVINEINFLUENSA

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå