Hopp til innhold

Du kan avgjere thrilleren

Er du mellom dei 25 prosentane som ikkje har bestemt seg før valet, kan du bli tunga på vektskåla i mandatfordelinga.

Stemmeurne

DU ER VIKTIG: Kvar fjerde veljar i Sogn og Fjordane har ikkje bestemt seg framfor valet.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Det er framleis knytt stor spenning til det fjerde mandatet frå Sogn og Fjordane.

Det meiner valkommentator i NRK Sogn og Fjordane, Knut Henning Grepstad.

Kvar fjerde er usikker

- Hovudbodskapen er at det går mot det same resultatet som sist. Men 25 prosent - det vil seie kvar fjerde veljar - har ikkje bestemt seg enno, seier valeksperten.

Det er med andre ord svært mange som skal bestemme seg i løpet av dei tre siste dagane fram mot valet. Og desse kan få mykje å seie for den endelege mandatfordelinga i Sogn og Fjordane.

- For partia er det er all grunn til å stå på ut valkampen, påpeikar Grepstad.

Kamp om fjerdemandatet

I ei valmåling presentert i Bergens Tidende i dag, kjem det fram at Arbeiderpartiet har eitt sikkert mandat, medan dei neste mandata truleg går til Senterpartiet og Framstegspartiet.

Knut Henning Grepstad.

SPÅR THRILLER: Knut Henning Grepstad

Foto: NRK

Kampen står no om det fjerde mandatet frå Sogn og Fjordane - sjølv om det er Arbeiderpartiet som i målinga ser ut til å få inn sitt andre mandat på fylkesbenken.

Det er i tillegg heilt uvisst kven som stikk av med utjamningsmandatet.

- Dette utjamningsmandatet ligg og flyt mellom mange parti. Akkurat no har KrF grepet, men det er tufta på målinga frå august månad - og det er på langt nær avgjort, seier Grepstad.

Mykje uvisse i innspurten

Innspurten i valkampen kan med andre ord bli ein real thriller.

For det er jamt mellom dei aktuelle partia, og valeksperten trur fleire kan melde seg på i innspurten.

- Slik det ser ut no, står kampen om fjerdemandatet mellom Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Men eg trur også at vi ikkje har sett korleis ein eventuelt vil samle seg om SV og Heidi Grande Røys. Og korleis kan Høgre mobilisere - det er også eit spørsmål, seier Grepstad.

- Alt i alt meiner eg kampen om fjerdemandatet i Sogn og Fjordane på ingen måte er avklara. Og vi veit heller ikkje noko som helst om utjamningsmandatet, poengterer kommentatoren.