Hopp til innhold

I dag blir det vår – men berre for ein dag

Om du er av dei heldige og ikkje skal på jobb onsdag, nyt dagen. For det kan bli lenge til neste godvêrsdag.

Lys over Førdefjorden i mars

LYSARE: Klokka er snudd og det går mot lysare tider. Onsdag er det venta at også skyene over Førdefjorden vil vike for sola, før nedbøren igjen festar grep over fylket.

Foto: @annemereter

– Onsdag blir den finaste dagen, for i løpet av torsdagen kjem det eit nedbørsområde.

Det seier statsmeteorolog Frode Hassel om vêret vi har i vente dei neste dagane. Prognosane tilseier at ein bør nyte onsdagen. Dei tynne, men høge skylaget, som kviler over trivselsfylket vil i morgon bli endå mindre.

Frode Hassel

SOL: Statsmeteorolog Frode Hassel seier onsdagen blir den finaste dagen på ei stund.

Foto: Marit Hommedal

– Så det ser ut til å bli ein større sjanse for å få ein del sol i morgon, seier Hassel.

For innbyggjarane langs kysten kan det vere ei god trøyst at vinden som dei utover kvelden og natta har rundt hushjørna, vil minke utover onsdagen.

Biletet er frå Tviberg på Atløy.

FJELLTUR: Likar du fjellturar best i vårstemning, så har du sjansen onsdag. Biletet er frå Atløy og Tviberg.

Foto: @leminia_anitahsiljander

Ser vi framover mot helga fortel statsmeteorologen om varmare temperaturar. Rett nok blir det ikkje like varmt som på Sør- og Austlandet i går, der Hokksund og Skien var varmast med 21,8 varmegrader.

Nedbørsmessig blir det diverre tilbake til normalen framover. Sjølv om det ikkje var snakk om store nedbørsmengder, hadde mars få dagar utan nedbør.

– Det blir ikkje veldig mykje nedbør torsdag, men både fredag og søndag kan bli fuktige. Trøysta får vere at det blir mildt, seier Hassel.

Og ser ein på prognosane til yr.no, så vil det bli vått så langt augo ser.