NRK Meny
Normal

Du bør ha paraplyen klar til nasjonaldagen

Meteorologen tek sjølv paraplyen med seg under armen på 17. mai. Skal du feire i Sogn og Fjordane er det beste rådet at du gjer det same.

17. mai i Dale

KANSKJE IKKJE SLIK: I år kan det blir fleire paraplyar å sjå i 17. mai-toga rundt om kring i Sogn og Fjordane. Dette biletet er frå 17. mai-feiring i Dale.

Foto: Asbjørn Eikerol

Rundt om kring i det ganske land har mange allereie funne fram sitt penaste tøy. Bunadsskjorter skal strykast og dressbukser skal pressast.

Men kjem vêret til å skrukke det til med det same? Det spørsmålet er det nok mange som stiller seg før feiringa av nasjonaldagen, og meteorologen har ikkje dei beste meldingane å dele nokre dagar før dagen.

– Dagens prognose viser at vi har eit lågtrykk i Norskehavet som kjem til å prege vêret på 17. mai. Det betyr at dagens vil starte ganske grått med skya vêr og periodar med regn, fortel Martin Granerød om vêret for Sogn og Fjordane.

Håp om betring utover dagen

Sjølv om det altså kunne vore verre, hadde nok dei aller fleste sett «sol frå blå himmel» øvst på ønskelista over vêrmelding for akkurat denne maidagen. Men statsmeteorologen kan ikkje love det i år.

– Det ser ut til at dei i indre strøk kjem til å få minst av nedbøren, medan det er ytre strok som får mest, seier han og kan samtidig røpe at det blir betre utover dagen.

– Utover dagen ser det ut til at det etter kvart blir litt lettare vêr, men det er framleis utrygt for litt regn, også når vi nærmar oss kvelden.

Slepp truleg unna vrengde paraplyar

Med andre ord kan det vere lurt å ta med seg paraplyen til toget, men så kan ein kanskje få pakke den vekk når store og små skal springe potetløp og gå på stylter.

– Og så kan folk trøyste seg med at det ikkje ser ut til å bli så veldig kraftig vind. Dermed kan folk gå med paraply, utan å irritere seg over at den bles vekk, seier Granerød.

(Artikkelen held fram under)

Video Dette må du tenkje på med bunad i regnet

– Varselet er ganske sikkert

Granerød understrekar samtidig at det ikkje er venta dei store nedbørsmengdene. Ser ein til dømes på Sogndal og Nordfjordeid er det til dømes venta litt over 1 mm nedbør i tidsrommet mellom klokka 8 og 14 på 17. mai.

– Det er ikkje snakk om veldig mykje nedbør, men det er nok til at folk vil merke at det regnar. Så det er absolutt grunn til å ta med seg paraplyen.

Men med nokre dagar att til 17. mai enno, så er det framleis lov å håpe at meldingane skal endre seg. Meteorologen er likevel ikkje fullt så sikker på at det vil skje.

– Dei siste dagane har prognosane vore ganske like, så slik sett er det antyda at varselet er ganske sikkert. Men sidan det er nokre dagar att, så er det jo litt usikkert, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser