No må Joar og Runar førebu seg på å gjere enda fleire oppgåver for helsevesenet

SANDANE (NRK): I dag må lokale brannfolk gjere alt frå politioppgåver til å drive med hjartestart. No kan dei få endå fleire helseoppgåver.

Runar Kleppe og Joar Flølo, Gloppen brannvesen

DELTIDSBRANNVESEN: Runar Kleppe og Joar Flølo er røykdykkarar og blant dei 40 frivillige som er med i Gloppen brannvesen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Røykdykkarane Joar Flølo og Runar Kleppe tek seg inn i eit røykfullt hus på Eide i Gloppen. Dei øver på det som er hovudoppgåva deira – å sløkke brannar. Men i kvardagen som deltidsbrannmann må dei også gjere alt mogleg anna.

– Det er alt frå å redde dyr til hjartestart, brann og bilulukker. Det er i grunn alt mogleg, seier Flølo, som synest det stort sett går greitt å møte utfordringane.

– Men det er sjølvsagt helseoppgåver og slikt der det kan vere vanskeleg å vite. Vi har ikkje utdanning, men små kurs. Det hadde vore kjekt å ha pengar til fleire øvingar, så vi ikkje kjem i situasjonar der vi ikkje veit kva vi skal gjere, seier han.

Firda Tidend omtala saka først.

Det kan bli enda fleire oppgåver. Helsedirektoratet foreslår at brann- og redningsmannskap kan vere såkalla akutthjelparar. Dei skal yte livreddande førstehjelp ved alvorleg skade eller sjukdom i påvente av at ambulanse kjem til staden.

Må greiast ut

Direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) Cecilie Daae er kritisk til forslaget.

Ho peiker mellom anna på at ordninga kan medføre ei for stor vriding vekk frå primæroppgåvene til brann- og redningsmannskap.

– Vi meiner det er ei rekke oppgåver og forhold som må greiast ut. Det gjeld til dømes tenkinga om at brann og redningsmannskap skal opptre som helsepersonell, seier Daae.

Cecilie Daae

UROA: – Vi får stadig rapportar frå brannsjefar som er uroa fordi brannvesen gjer stadig nye og andre oppgåver enn det brannvesenet er sett opp til å gjere, men også har kompetanse og utstyr til å gjere. Og det er særleg helseoppgåvene som er utfordrande, seier DSB-direktør Cecilie Daae.

Foto: Yann Aker

Daae seier dei er uroa for pasientar som har krav på nødvendig helsehjelp, og stiller også spørsmål ved kva det vil krevje av brann- og redningsmannskap.

– Kva kompetanse og kunnskap skal dei ha, og kven tek rekninga? spør Daae.

Skal brannvesenet også vere helsepersonell, vil det krevje eit betydeleg behov for kompetanseheving, meiner ho.

– Og vi veit at det ikkje minst i kommunar med deltidsbrannvesen er vanskeleg å sørge for at dei får den opplæringa dei har behov for.

Skal redde liv

Steinar Olsen, avdelingsdirektør for akuttmedisin og beredskap i Helsedirektoratet, viser til at alle dei tre naudetatane har som si primæroppgåve å redde liv.

Han understrekar at brannmenn skal vere medhjelparar, ikkje erstatte helsepersonell.

– Det er alminneleg førstehjelp: frie luftvegar, starte hjarte- lungeredning eller stogge ei bløding. Det er opplæring dei fleste i desse gruppene har som del av si grunnutdanning.

Kven som skal finansiere øvinga, er spørsmål dei no ser på. Forslaget har vore på høyring, og Olsen seier dei vil lytte til innspela som kjem inn.