NRK Meny
Normal

Tidenes julegåve: Får 30 millionar til å løfte fylket til nye teknologiske høgder

Den statlege julenissen er ekstra snill med Høgskulen og gir 30 millionar friske kroner til forsking på korleis Sogn og Fjordane skal bli eit mykje betre tekno-fylke.

høgskulen i sogn og fjordane

TEKNOLØFT: Forskningsrådet deler ut 80 millionar kroner til sju forskingsprosjekt. Av desse går 30 millionar til Høgskulen her i fylket.

Foto: HISF

– Det er heilt fantastisk.

Viserektor Erik Kyrkjebø for forsking og utvikling ved Høgskulen på Vestlandet har grunn til å smile. For saman med Vestlandsforsking får Høgskulen nær 30 millionar kroner til prosjektet Teknoløftet frå Forskingsrådet.

– Dette gjer oss mykje betre i stand til å svare på næringslivet i Sogn og Fjordane sine behov framover.

Prosjektet som skal gå over seks år, har eit budsjett på heile 45 millionar kroner.

Erik Kyrkjebø

NOKON Å REKNE MED: – Prosjektet vil vere veldig, om ikkje avgjerande, så ei veldig sterk støtte til å bygge oss opp til eit enda sterkare og meir markert forskingsmiljø, seier Erik Kyrkjebø.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Avgjerande å henge med

Målet med prosjektet er å drive meir relevant forsking for næringslivet. Forskarane skal ut på arbeidsplassane.

– Vi veit at automatisering og digitalisering er mellom dei store satsingsområda i næringslivet i åra framover, og ein grunnleggande forståing av teknologien og korleis nytte den, er viktig, seier leiar Merete Lunde ved Vestlandsforsking.

Stikkorda for prosjektet vert digitalisering, IT, automatisering med robotar og bruk av stor data. Prosjektet opnar også heilt nye dører for å utvide og utvikle forskarmiljøet, forklarar Lunde.

– Dette gjev oss eit skikkeleg løft i forskingsmiljøet. Vi kan auke kompetansen blant forskarane våre, rekruttere nye forskarar, utdanne doktorgradsstudentar og auke samarbeide med verksemdene i regionen, så dei kan drive med innovasjon basert på forsking.

Hjelp til sjølvhjelp

I tillegg til Forskingsrådet stiller Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Sparebankstiftinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune og næringslivet sjølve med pengar.

Forskingsinstitusjonar må vise at dei er relevante og driv med nyttig forsking, så samarbeidet med næringslivet vert styrka.

Leon Bakkebø, dagleg leiare i Sogn og Fjordane næringsråd

OPTIMISTISK: Leiar Leon Bakkebø i Sogn og Fjordane næringsråd trur Teknoløftet vil hjelpe næringslivet i fylket til å henge med i konkurransen.

Foto: Privat

– Det digitale skiftet treff alle bransjar, det er ingen som står urørt, seier leiar Leon Bakkebø i Sogn og Fjordane næringsråd.

Bakkebø meiner å henge med i digitaliseringa vert avgjerande for å klare å vere konkurransedyktig i åra som kjem.

– Vi må jobbe for å få mykje meir anvendt forsking som er relevant for næringslivet, og det trur eg alle er innstilt på gjennom dette prosjektet her.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.