NRK Meny

Drøymer om ny, stor tunnel i Sogn

Statens vegvesen har så vidt begynt å sjå på moglegheitene for ein samanhengande tunnel mellom Gudvangen og Flåm, som ved ei eventull realisering vil erstatte Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen. Det skriv Sogn Avis. Ein slik tunnel vil måtte byggjast med to løp, men tunnelen er enn så lenge ein draum langt framme i tida, skriv avisa.