Normal

No skal Håvard konkurrere i 225 km/t – drøymer om Formel 1

FØRDE (NRK): Håvard Hallerud frå Førde er ein av dei fremste gokartkøyrarane i Noreg. No får han sjansen internasjonalt i Formel 4 og drøymer om Formel 1.

Håvard Hallerud

STØRRE BIL: Formel 4 er større enn ein gokart. Toppfarta er 225 km/t, nesten det dobbelte av kva ein gokart kan køyre.

Foto: privat

Då han skulle prøvekøyre for Team Greenpower imponerte han dei så mykje at han blei invitert tilbake til hausten.

– Dei var veldig nøgde med køyringa mi, seier 19-åringen etter å ha prøvekøyrt for det norske laget som satsar internasjonalt i Scandinavian Touring Car Championship.

I dag køyrer han gokart på internasjonalt nivå, og seinast i vår leverte han topplassering under eit løp i Belgia. Då kom han på 5.-plass i IAME International Open i Belgia.

Sidan han var 9-år har han køyrt gokart, eit køyretøy med toppfart på 125 km/t. No kan han bli sjåfør i ein klasse høgare, Formel 4 – der toppfarten er 225 km/t.

Det første internasjonale løpet var han med på då han var 11–12 år gamal. Sidan har det balla på seg. Det siste året har han køyrt 15–16 løp kvart år.

Hallerud

FULL FART: I denne typen gokart kan Håvard køyre i 125 km/t.

Foto: FOTOCAR13/privat

Eit steg nærare draumen

Klart det hadde vore artig å køyre Formel 1. Dette er det første steget mot draumen, seier Hallerud.

Det norske laget Team Greenpower satsar i dag på STCC-turneringa med bilar i Formel 4-klassen. På sikt har laget ambisjonar om å ha ein norsk førar i formel E-klassen innan 2023, det er formel 1-klassen med elektrisk drivne bilar.

Motorsporten består av ei rekkje klasser og ulike trinn. For Hallerud er Formel 4 første steget på veg mot å kunne satse på ein proffkarriere. Sjølv med plass på Team Greenpower-laget er det meste av arbeidet gjort av han sjølv og dei rundt han.

– I grunn er laget meir ei støtte til det tekniske og marknadsføring, resten må vi framleis ordne sjølv, fortel Hallerud.

Det betyr at han sjølv må finansiere kjøp og drift av bil. I tillegg kjem kostnader knytt til reise og deltaking i konkurransar. Alt i alt vil det likevel løne seg for ein som satsar.

Pappa er den viktigaste støttespelaren

Dei som trur at motorsport er ein kostbar idrett, trur rett. I dag køyrer Hallerud for sitt eige lag, HP Racing Team, eit lag han har saman med faren Eivind Bredrup Petersen.

– Vi bruker omtrent 500 000 tusen kvart år, så det kostar, seier Hallerud.

75 000 kroner av desse kjem frå sponsorar, resten kjem frå familiebudsjettet.

– Eg hadde ikkje klart det utan pappa, seier den unge sjåføren, som seier faren har kontroll på det tekniske med bilen, slik at Hallerud kan fokusere på køyringa.

Eivind Pettersen og Håvard Hallerud

HP RACING TEAM: Saman med faren Eivind Bredrup Hallerud har Håvard Hallerud sitt eige lag. Til hausten kan han bli del av eit større lag.

Foto: Katrine Grotle

Framtida

Faren sjølv seier det er store sjansar for at Håvard no kan bli sjåfør for Team Greenpower. På den andre sida vil han at sonen tek det så roleg at han ikkje fell gjennom på eit høgare nivå enn kva han er klar for. Han dreg parallellar til fotballspelaren Martin Ødegaard.

– Vi vil heller at Håvard skal bli god på det nivået han er no, det at han stig gradvis på nivåa er viktig for best mogleg sportsleg utvikling, seier han.

Til hausten skal Håvard på nytt prøvekøyre for Team Greenpower. Kva som skjer etter det vil tida vise.

Vegopning på Bergum i Førde kommune