Hopp til innhold

Drosjesjåføren er inspirert av Jakob Sande

Hobbypoeten testar av og til dikta sine på passasjerane. Det endar ofte i latterbrøl.

Svein Sunde - drosjesjåfør og poet

HOBBYPOET: Svein Sunde har skrive dikt i over 20 år. Drosjesjåføren har ei stor inspirasjonskjelde.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Svein Sunde køyrer drosje i Førde. Den største hobbyen hans er å skrive dikt. Det har han gjort i over 20 år.

– Det starta med at eg byrja å lese Jakob Sande og vart veldig interessert i måten han skreiv på. Måten han beskreiv folk, dyr, elende, glede og sorg og sakn. Eg blei bergteken av han.

– Nesten for lik Sande

Med det var skriveinteressa pirra og Sunde bestemte seg for å prøve sjølv.

Svein Sunde - drosjesjåfør

STOPPAR OG LES: Det hender Svein Sunde stoppar drosjebilen for å lese høgt eit dikt han har skrive sjølv.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Eg byrja å sette ord på ting, og fann meg til rette med det. Eg føler eg greier å fortelje ei historie i verseform. Det gir meg veldig mykje, seier Sunde.

HØYR Svein Sunde framføre sitt eige dikt.

Han seier måten Jakob Sande skriv på nesten har gått for langt.

– Eg må tilstå at eg kanskje litt for lik han. Eg prøver å ikkje plagiere. Eg skriv på min eigen måte og skriv med mitt eige språk. Men eg er veldig glad i Jakob Sande.

Sunde seier at 99 prosent av det han skriv om er ting som har skjedd og er sant. Han har i alt skrive rundt 40 dikt. Når inspirasjonen kjem over han, er Sunde uansett rask med å finne fram pennen.

– Då set eg meg ned ved bordet og med kaffikoppen min og ein røyk. Så skriv eg litt. Så ballar det gjerne på seg så har eg ei historie til slutt.

Latterbrøl av nidviser

På jobb køyrer han bil i timevis. Då får han ro til å gå gjennom dikta han skriv.

– Eg les enkelte dikt høgt for meg sjølv viss eg er litt stressa og trøtt. I staden for å stoppe opp og gå ut av bilen, så les eg heller eit dikt. Så køyrer eg vidare, og synest eg har det bra, ler Sunde.

NIDVISE: Folk ler ofte av nidvisene til Svein Sunde.

I starten testa Sunde ut dikta sine på passasjerar som ikkje var heilt edru. Det gav meirsmak det, nokre av dei lurte på om eg var gal, og andre lo så dei skreik.

– Det har skjedd ja. Det har resultert i dei kraftigaste lattersalver eg nokon gong har høyrt. Men då er det i nidviser det går i, humrar Sunde.