Hopp til innhold

Drosjene på bygda er i ferd med å forsvinne

GAULAR (NRK): I 24 år har Arne Mundal vore einaste drosje i Bygstad i Sunnfjord. No gir han opp og ingen vil ta over. Slik er det mange stader i Bygde-Noreg.

Arne Mundal

BLIR BYGDEDROSJE NUMMER 50 SOM FORSVINN: Drosjeeigar Arne Mundal i Bygstad i Gaular har bestemt seg for å seie opp løyvet sitt. Frå sommaren er det slutt, etter 24 år som drosjesjåfør. Ingen tek over.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Nesten 50 drosjer har forsvunne frå bygdene i Sogn og Fjordane og Hordaland dei siste 10 åra. Taxiforbundet fryktar for framtida til drosjene i Distrikts-Noreg og meiner viktig beredskap går tapt.

  • I 2007 var det 195 drosjeløyver i Sogn og Fjordane. I dag er det 155, ifølge Taxi Transport Service (TTS).
  • I Hordaland utanom Bergen køyreområde var det 216 løyver i 2009. No er det 207, ifølge Hordaland fylkeskommune.

Nedgangen har for det meste kome i distriktskommunane i dei to vestlandsfylka. Styreleiar i Norges Taxiforbund ser den same tendensen i andre distriktskommmunar i landet.

– Drosjetilbodet i distriktet er ei utfordring. Det er veldig trist for lokalsamfunnet, men vi får ikkje gjort så mykje viss det ikkje er køyregrunnlag, seier Øystein Trevland.

I Sogn og Fjordane trur fylkesleiar i taxiforbundet, John-Terje Hamre, årsaka er at det er blitt mindre skule- og pasientkøyring.

– Helseføretaka samkøyrer pasientstraumane meir og ambulansane fraktar fleire enn før. Når slikt fell vekk, spøker det for bygdedrosjene, seier fylkesleiar John-Terje Hamre i Norges Taxiforbund Sogn og Fjordane.

Då blir det vanskeleg å få folk til å søke løyve, seier Trevland.

– Når drosjene mistar den køyringa, blir det ikkje grunnlag nok for å drive. Då blir det også vanskeleg å få folk til å søke. Det er veldig trist for lokalsamfunnet, seier han.

Arne Mundal

BEREDSKAP: I bygder der ambulanse og politi er sentralisert, er drosjen siste beredskap, meiner Norges Taxiforbund. Eldre folk er ei brukargruppe som er avhengig av drosje.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Må ut på anbod

Bygder som ligg i ein gjennomfartskommune er spesielt utsett. Drosjer på veg til sjukehusa må plukke opp pasientar på vegen. Det går ut over den lokale drosjeeigaren.

Ein av dei er Stein Torald Vonen. Han la ned Naustdal Taxi for nokre månadar sidan.

– Vi klarar ikkje drive økonomisk forsvarleg. Vi opplever at pasienttransport frå andre kommunar plukkar opp pasientar i vår kommune. I fjor opplevde vi at det kom drosjer frå andre kommunar som køyrde lokale turar i Naustdal, seier Vonen.

Arne Mundal

SLUTTAR: Drosjeeigar Arne Mundal.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

I Gaular seier Arne Mundal frå seg drosjeløyvet på grunn av alder. Ingen har søkt på løyvet. Dermed blir det ingen bygdedrosje i Bygstad lenger.

– Oppdragsmengda er blitt ustabil. Og samkøyringa av pasientar har ført til ein merkbar nedgang. Eg har kontrakt med Helse Førde, likevel er det andre drosjar som plukkar opp mine kundar, seier Mundal.

Han ser mørkt på framtida til drosjen på bygdene i Noreg.

Samkøyrer for å spare pengar

Avdelingsleiar Vidar Øvrebø i Pasientreiser i Helse Førde seier dei er underlagt regelverk for offentleg innkjøp.

– Vi er opptekne av å optimalisere transporten. Difor samkøyrer vi så mykje som mogleg. Årsaka er at dei økonomiske rammene vi får tildelt kjem av same pott som pasientbehandlinga, seier Øvrebø.

– Er det ein fare at samkøyringa øydelegg grunnlaget for bygdedrosjene, slik at enkelte må legge ned, og Pasientreiser må hente pasientar frå ein annan kommune – og slik få dyrare transport?

– Det er heilt klart ein fare dersom det blir for langt mellom drosjene. Men vi er underlagt regelverket. Vi sender ut på anbod og må halde oss til prisane og tilboda me får, seier Øvrebø.

– Drosje er beredskap

Fylkesleiar John-Terje Hamre seier drosjen er den siste beredskapen i eit distrikts-Noreg der ambulanse og politi blir sentralisert.

– Som innehavar av drosjeløyve pliktar du å vere tilgjengeleg 24/7. Treng du hjelp, er det berre å ringe drosjen. Eg trur ikkje folk tenker over dette før drosjen er vekke, seier Hamre.

Arne Mundal

SJELDNARE: Desse blir det stadig færre av i Bygde-Noreg.

Foto: Oddmund Haugen / NRK