NRK Meny
Normal

Drosjenæringa skiftar bilar kvart fjerde år - politiet køyrer bilane til dei ikkje går lenger

Drosjenæringa meiner det lønner seg økonomisk å skifte bil kvart tredje-fjerde år. Politiet køyrer bilane til dei er utrangerte.

Avskilta og gjennomrusta politibil i Sogn

UTE: Denne svartemarja vart avskilta i sommar, etter at teknisk kontroll synte at bilen var gjennomrusta.

Foto: Stine Kyrkjebø Johannessen / NRK

– I snitt skiftar vi bilar etter tre-fire år, seier fylkesleiar for Norges Taxiforbund i Oslo, Glen Tuxen.

Drosjeeigarar er samstemde i oppfatninga av at det løner seg for dei å skifte ut køyretøya etter berre tre-fire år.

– Vi ønskjer å nytte den nyaste teknologien, halde kostnadane nede, samt vere miljømedvitne. Det er vi når vi skiftar bilar, seier Tuxen.

Kostar enorme summar å reparere

Han peikar på at for næringa er det å ha ein bil med garanti, essensielt for å halde kostnadane på eit minimum.

– Eg vil tru at politiet reparerer sine gamle bilar for like mykje som dei kunne ha brukt til å kjøpe ein ny bil, seier Tuxen, og legg til at verkstadopphald fort vert dyrt.

– Det er snakk om vanvitige kostnadar, spesielt på nyare bilar med mykje teknologi. Det er ikkje forsvarleg når ein skal leve av det, seier Tuxen.

I politiet er derimot stoda ei annan. Berre i Sogn og Fjordane er halvparten av bilane mellom åtte og ti år. Mange av dei er ofte på verkstad, noko som både kostar pengar, samt set polititenestefolk i ein kinkig situasjon.

I Selje må politiet ringje etter taxi, dersom dei må rykke ut.
Lensmannskontoret har nemleg ikkje tilgang på politibil.

Byter når bilane er utrangerte

Administrasjonssjef i Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Arne Aglen, skulle gjerne hatt pengar til å skifte ut polititenestebilane kvart tredje/fjerde år.

– I utgangspunktet byter vi ikkje bilar før dei er utrangerte, seier Aglen, som gjerne skulle skifta ut politibilane oftare.

Trond Arne Aglen

MÅ PRIORITERE: Administrasjonssjef ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Arne Aglen, skulle gjerne skifta ut politibilane oftare.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Kostnadane vi har på service, reparasjonar og vedlikehald ville gått ned ved oftare skifte. Så eg skulle gjerne hatt rammer som tillèt det. Dette er arbeidsplassen til statleg tilsette, og vi ønskjer sjølvsagt at den er best mogleg, seier Aglen.

Får ein ny bil ved årsslutt

I Sogn og Fjordane har ein stort sett bytt bilar for fire-fem millionar kroner årleg. I 2015 vart det ikkje sett av pengar i Sogn og Fjordane til ny politibil, rett og slett fordi budsjettet ikkje gav rom til dette.

No har ein likevel bestilt ei ny maje, som skal setjast inn i Førde, trass i at ein eigentleg ikkje hadde midlar.

– Vi har måtte vrake fleire tenestebilar enn det vi trudde ved årsstart. Så vi har bestilt ei ny maje som kjem i månadsskiftet november/desember, seier Aglen.

Han understrekar at sjølv om delar av bilparken i Sogn og Fjordane har begynt å dra på åra, er bilane i god teknisk stand.

– Bilane våre er i forskriftsmessig og forsvarleg stand. Sjølv om dei er gamle, er dei skikkelege, seier Aglen.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.