Hopp til innhold

Droppar VIP-servering og gir studentane VIP-behandling

Sogndal vil setje litt ekstra pris på studentane og dei vidaregåande elevane som studerer i bygda. Dermed blir det ingen servering når Sogndal får Follo på besøk søndag.

Fulle tribuner på Fosshaugane

VIP-BEHANDLING: Under kampen mot Follo i morgon blir det ingen VIP-servering. I staden vil Sogndal setje litt ekstra pris på studentane og dei vidaregåande elevane i fotballbygda.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det trur eg dei toler godt, seier Rasmus Mo, som er omdømeleiar i Sogndal.

Også tidlegare har fotballklubben ønskt studentane i bygda velkommen med gratis fotballkamp, men denne gongen strekkjer dei seg hakket lenger.

– Det er første gong vi gjer det i denne målestokken, seier Mo.

Han er oppteken av at studentane og elevane skal forstå at dei betyr enormt for den vesle bygda.

Har ei felles heimebane

– Studentane og elevane er ei gåve for Sogndal. 2.000 studentar og 800 vidaregåande elevar har valt Sogndal som den plassen dei skal ta til seg læring. Fosshaugane Campus er også deira heimebane, og det betyr at vi er eit fellesskap. Det ønskjer vi å markere, seier Mo.

Dermed blir det pizza og kamp på studentar og elevar som vil, medan VIPane må klare seg utan mat denne kampen.

Rasmus Mo

GLER SEG: – Eg trur dette vert kjekt, seier Rasmus Mo.

Foto: Arne Eithun / NRK

Mo reknar med at mellom 700 og 800 tek turen for å få med seg kampen.

– Studentane genererer utruleg mykje for oss som bur i Sogndal, så dette er ein måte å gi noko att på, seier Mo.