Droppar vindmøller til havs

Vestavind Offshore har sett utbygginga av vindmøller til havs på vent.

Illustrasjon av vindmøller til havs

IKKJE LØNSAMT: Vestavind Offshore har utsett satsinga på vindmøller til havs.

Foto: Nyhetsspiller

Selskapet, der tre kraftselskap i Sogn og Fjordane er mellom eigarane, fekk i 2009 konsesjon til å byggje vindparken Havsul utanfor nord for Stad. Men no finn ikkje Vestavind det økonomisk forsvarleg å gå i gang, seier styreleiar Wenche Teigland.

– Næringa er avhengig av politisk vilje og starthjelp. Den viljen er ikkje til stades.

Vestavind Offshore fekk konsesjonen i ei tid då det var nedgang i olje- og gassnæringa. No er det annleis. Det er høg aktivitet innan olje og gass, og den politiske viljen til å satse på fornybar energi er lågare, skriv Vestavind Offshore i ei pressemelding.

SFE taper 13 millionar

BKK er den største eigaren i Vestavind Offshore AS, BKK eig 45% av aksjane. Bergens Tidende skriv at BKK har tapt 90 millionar kroner på havkraftprosjektet.

Sogn og Fjordane Energi (SFE) eig 6,5 prosent, Sunnfjord Energi 2 prosent og Sognekraft 1 prosent. Det skulle tilseie at SFE har tapt 13 millionar, Sunnfjord Energi 4 millionar og Sognekraft 2 millionar kroner.

Produksjonsdirektør Ola Lingaas i SFE stadfestar at dei taper rundt 13 millionar kroner på prosjektet, og at det akkurat no ikkje er rammevilkår for vindmøller til havs.

– Dette er ein god del pengar som vi helst skulle ha hatt avkasting av. Vi har jobba mykje med å få ned kostandene, men vi må stikke fingeren i jorda og innsjå at vi treng hjelp frå politisk hald for å få rammevilkåra på plass.

Styreleiar Wenche Teigland i Vestavind Offshore seier dei ikkje har skrinlagt Havsul for godt.

– Økonomien i offshore vind kjem til å bli betre enn i dag, men det er vanskeleg å seier når vi kan realisere planane.