Hopp til innhold

Hotelleigar: – Du kan bli litt for oppteken av i tilbakemeldingane på nett

LUSTER (NRK): Hotellsjef Lindis Alme trur turistane sine kritikkar på nett kan vera vinn eller forsvinn for overnattingsbedrifter som vil bli oppdaga.

Lindis Alme på Bestebakken

HOTELLSJEF: Lindis Alme serverer gjestene mat frå eigen hage. Ho styrer Bestebakken som er eitt av 54 overnattingsstadar turistar finn fram til og vurderer på nettstaden Tripadvisor.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Stay away from this hotell! Not good!

Lindis Alme flirer av det no. Men då den dårlege tilbakemeldinga for hotellet hennar, Bestebakken på Hafslo i Luster, først dukka opp på nett, var det eit slag i trynet.

– Det er det verste eg har opplevd. Men eg lærte at ein kan ikkje gjere alle nøgde uansett, seier Alme.

For nokre hotell kan dårlege kritikkar på internett bety mykje for om turistane finn vegen til døra deira eller ikkje.

Norske turistar

TURISTAR I HEIMLANDET: Norske Astrid og Jan Elgen nyttar nettsidene mest når dei er i utlandet. – Men det hender vi er innom for å finne ein god plass å ete. Ein vil jo ikkje bomme totalt når ein berre har ein kort ferie, seier dei.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Reisehandbok på nett

Nettstader som booking.com og Tripadvisor let turistar legge att ein karakter og ein tekst som seier noko om korleis dei har hatt det på eit hotell, restaurant eller oppleving.

Der kan andre turistar få tips til kvar dei bør reise, eller kva dei bør halde seg unna.

– Det var først då eg prøvde meg inn på desse bookingsidene det sa pang. Det er nok mange som oppdagar oss der, trur Lindis Alme.

Likevel er det ikkje udelt positivt av at nettsidene er blitt så stor del av marknadsføringa.

– Dei tek stor prosent av prisen du tener. Og så er det ikkje alle kritikkar som gir eit riktig bilde av verkelegheita, meiner ho.

Bestebakken

GODE TILBAKEMELDINGAR: Lindis Alme fortel at dei gode kritikkane kan gi eit feil bilde av kva slags plass turistane kan vente seg. – Det er ikkje eit femstjerners hotell vi driv. Her får gjestene bondekost og rom utan TV, seier Alme.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Turistane stolar ikkje blindt på poengsummen

På ferjekaien i Solvorn sit ein nederlandsk familie på ein benk. Dei ventar på ferja til Urnes, der dei skal sjå stavkyrkja dei fekk høyre om på turistinformasjonen.

– Eg brukte Tripadvisor før, men no har eg heilt slutta. Ofte er alle kritikkane positive, då er det vanskeleg å skilje mellom kva som er bra og kva som er kjempebra. Alt er relativt ut ifrå kven som melder, seier Rob Rautel.

Nederlandske turistar

SKEPTISK: Rob Rautel frå Nederland har mista tilliten til Trip Advisor. Han opplever det er vanskeleg å skilje mellom kvaliteten på dei ulike tilboda som blir vurdert.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Let seg ikkje styre av nettet

På Eplet i Solvorn får dei turistane til å komme utan å vere på bookingsider.

– Vi starta når Tripadvisor var nytt, og fekk tidleg mange gode kritikkar. No opplever eg det er litt annleis, sidan booking.com heng saman med tripadvisor, og vi er ikkje på booking.com. Men så små som vi er, så er vi ikkje avhengige omtale på nett, seier styrar Trond Henrik Eplet.

Heller ikkje på Eikum hotell legg drivaren så mykje i å følge opp det som skjer på nett.

– Eg er innom og kikar i blant. Men vi får berre rundt fem prosent av gjestene på grunn av at dei har sett oss på desse sidene, seier Ståle Kjos Venjum.

Ståle Kjos Venjum

TRAVELT: Ståle Kjos Venjum på Eikum Hotell i Hafslo har hatt rundt 91 prosent dekning i juli. Han trur kanskje fem prosent av dei besøkande har funne dei på nettet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Lengre oppe i sida let heller ikkje Lindis Alme på Bestebakken seg skremme.

Men det er fort å bli litt oppteken av det, fortel ho.

– Ein dårleg kritikk er greitt, då viser vi kva vi ikkje tilbyr her. Det blir aldri gullkraner og tv på rommet. Men om det blir éin god kritikk og ni dårlege, då er det verre, konkluderer vertinna.