Hopp til innhold

Droppar langhekken – satsar på sprint

Øyvind Strømmen Kjerpeset har bestemt seg: Han legg satsinga på 400 meter hekk på is.

Øyvind Strømmen Kjerpeset på Bislett

KUTTAR SATSINGA: Øyvind Strømmen Kjerpeset har lagt ned mykje trening og tid for å komme til OL på 400 meter hekk. No droppar han langhekken til fordel for 100 og 200 meter. Her er Florø-sprintaren på Bislett.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Eg fekk det ikkje til som eg ville, og har godt av å tenkje nytt. Difor satsar eg no berre på 100 meter og 200 meter, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Tysdag er han i aksjon i svenske SkaraRacet, som samlar fleire av dei beste sprintarane i Norden. På forsøket på 100 meteren klokka han inn til sterke 10,60.

Motivasjonen forsvann

Florø-løparen vart fire gongar norsk meister på 400 meter hekk i perioden 2011 til 2014. Kjerpeset vart første nordmann under 50 sekund, og han tok Kongepokalen i friidrett under NM i 2013. Målet var å delta i OL – men så kom skadane. Kjerpeset stagnerte. Det vart frustrerande .

– 400 meter hekk er veldig hardt. Det krev tøff trening. Når ein då ikkje får resultat, så er det lett å miste motivasjonen, seier han.

Etter alt å dømme blir han dermed ståande med 49,95 som bestenotering på langhekken. Han har samstundes planar om å forbetre seg monaleg på sprintdistansane, der han har sterke 20,98 på 200 meter og 10,43 på 100 meter – i praksis utan å ha satsa på sprint.

Øyvind Strømmen Kjerpeset på 200-meter

SPRINT: Øyvind Strømmen Kjerpeset har svært gode tider både på 100 og 200 meter, og vil sjå kor rask han kan bli med spesifikk sprinttrening. Her er han i aksjon på 200 meter under NM på Jessheim i 2014.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Kan bli god sprintar

No håpar han å nærme seg dei beste på formel 1-øvingane. Det er freistande å sjå kor god han kan bli. Denne sesongen er alt fokus retta mot NM.

– Eg var eitt sekund bak OL-kravet på 400 meter hekk i fjor. På 200 meter var eg eit halvt sekund bak. Så i teorien var eg like nær. Men eg veit ikkje kva dette kan bli til på sikt, seier Kjerpeset.

Finalen på 100-meteren i SkaraRacet går seinare på dagen tysdag. Kjerpeset deltek laurdag i Florø friidrettsfestival.