NRK Meny
Normal

Takka høfleg nei til hotellrom: ville heller sove i gymsal

Mora hadde booka dei inn på hotell i Førde, men Karim Wangen (9) ville heller sove på golvet i gymsalen saman med kameratane. I dag starta Ungdomens kulturmønstring.

Karim Wangen med vennar

DROPPA HOTELlROMMET: – Eg hadde veldig lyst til å sove i ein gymsal for første gong, saman med kameratane, seier Karim Wangen, som droppa hotellrommet til fordel for soveposen i gymsalen. Frå venstre: Kamilla Ølmheim (12), Saila Mørch (11), Silje Immel (11), Karim Wangen (9), Aira Botne (10) og Sveinung Lie (9), alle frå Aurland.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Når eg blir stor har eg lyst til å sove ute i naturen. Difor må eg øve meg. Her er det sikkert like hardt som ute i skogen, seier Wangen.

– Så då måtte du overtale mor di?

– Eg sa, "kan eg ver så snill få lov til å sove i gymsalen?". Og så sa ho ja. Eg trengde ikkje å overtale ho, for mamma er den snillaste i heile verda.

(Artikkelen held fram under biletet)

Maskottar på kulturmønstring

MORALSK STØTTE: Kamilla Ølmheim, Saila Mørch og Silje Immel frå Aurland hadde tatt med seg kosebamsane til kulturmønstringa i Førde.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sang for oldemor

Karim Wangen er ein av 200 ungdommar som deltek på Ungdommens kulturmønstring i Førde i helga. Deltakarane kjem frå heile fylket og i gymsalen i Førdehuset er kommunegrensene delt opp med raud og kvit tape.

I sommar byrja Karim Wangen på musikkskule og fekk prøve seg framfor eit publikum for første gong.Trass i knapp tid til å førebu seg, gjekk han vidare til fylkesfinalen på første forsøk.

– Du ser ikkje spesielt nervøs ut?

– Eg har aldri blitt det i Aurland, men det vil kanskje skje ein drope her.

– Kor mykje publikum vil det vere i salen, trur du?

– Eg veit ikkje. Nokon seier at det er over tusen. Men eg har lært å ikkje bry meg. Eg berre lèt som at det ikkje er nokon der, slik at eg ikkje blir redd, seier Wangen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tid for mat

IKKJE NERVØS: Ikkje noko i vegen med matlysta. Karim Wangen seier han har lært seg å ikkje vere nervøs.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Har lært seg å vere tøff

I haust byrja han i fjerde klasse. Då merka han at han var i ferd med å bli tøffare. Han vart tøffare som keeper på fotballbana og han vart tøff nok til å synge framfor folk.

– På skulen leikar eg og ein venn ofte at vi er dumme tvillingar. Vi lèt som vi ikkje veit korleis ein skal opne ei dør og gjer andre dumme ting. Så no veit eg at å tabbe seg ut, det er ikkje så farleg som du trur, seier han.

Det har ikkje alltid vore slik. Han hugsar ein gong han gjekk i barnehagen.

Nokon hadde sagt noko stygt og han vart lei seg. Men det hjepte litt å fortelje kva som hadde skjedd til ein vaksen.

– Då vart ho streng og då vart det betre. Då lo ikkje dei andre av meg, seier han.

Har alt under kontroll

Karim Wangen har alltid hatt lyst til å synge. Heilt sidan han var liten, som han seier.

Kompisar på kulturmønstring

STORE PLANAR: Alt handlar ikkje om det som skal skje på scena og i utstillingslokala. Kompisane har planar om å bade, gå på kino, ete mat og leike med ball. - Men eg trur ikkje at alt vil skje, seier Karim Wangen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg pleidde å synge for oldemor før ho døydde. Gammaldagse songar for at ho skulle sovne, seier han (9).

– Kva for song skal du synge her i morgon då?

– Yes we have no bananas.

– Men det først på søndag. Kva har du tenkt til å bruke tida på før det?

– Eg og vennane mine har masse planar, men eg trur ikkje at alt vil skje.

– Kva skal de gjere?

– Vi skal bade, gå på kino, ete mat og leike med ball.

– Kva med øvinga då?

– Eg skal kanskje øve lite grann. Men eg har det meste under kontroll, seier Wangen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.