Hopp til innhold

Dronninga: – Det er fantastisk å vere her igjen

SELJA (NRK): I 1968 kom eit nyforlova kronprinspar i land på Selja for eitt av sine første oppdrag. 50 år etter kom ei rørt dronning Sonja tilbake.

Dronning

TILBAKE ETTER 50 ÅR: Det blei eit spesielt besøk på øya Selja for dronninga.

Foto: ERLEND BLAALID OLDEIDE / NRK

– Denne staden er nok spesiell for dronninga, seier biskop Halvor Nordhaug.

I grått vestlandsvêr og med skodde som dansa i fjella steig ei bunadskledd dronning i land på Selja. For 50 år sidan hadde ho eitt av sine første oppdrag for kongehuset på same stad.

– Dette er ein stor dag for Bjørgvin bispedømme. Det er gledeleg at dronninga kjem, men ikkje spesielt overraskande. Ho har nok sterke minner frå 1968 då ho var her for å markere 900-årsjubileet, seier Nordhaug.

På sundag var ho tilbake i klosterruinane for å feire Bjørgvin bispedømme sitt 950-års jubileum. Ein som fekk prate mykje med dronninga var Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

– Minna kom tilbake frå sist ho var her. Eg kunne sjå at det gjorde noko med dronninga og at det rørte ved ho, seier han.

Etter jubileumsgudstenesta blei bunaden bytta ut med turklede for dronninga sin del. Med turbukse og joggesko opna den turglade dronninga kystpilegrimsleia på Selja.

– Det er fantastisk å vere her igjen, sa dronninga etter besøket i Sunnivahola.

Dronninga

TUR-DRONNING: Dronning Sonja opna kystpilegrimsleia på Selja.

Foto: ERLEND BLAALID OLDEIDE / NRK

Dronninga: – Ta vare på denne staden

Dronninga hadde ei klar oppmoding til riksantikvaren om at Selja måtte bli tatt vare på i framtida. Riksantikvar Jørn Holme håpar det kongelege besøket gjer at fleire får auga opp for øya ute i havgapet.

– Eg håpar dette gjer at alle i Noreg og utlandet får auga opp for denne vakre staden. Ved Sunnivahola er det som å vere i eit lite Jerusalem i Noreg, seier han.

Bispedømet hadde sete på øya Selja dei første 102 åra, før det vart flytta til Bergen i 1170. Det gamle klosteret på Selja har ikkje vore i bruk sidan stordomstida i mellomalderen.

– Selja er den mest magiske staden vi har. Når ein går i land er det som å komme til mellomalderen. Her er verken kioskar eller flaggstenger, seier Holme.

Feiringa av Bjørgvin Bispedømme er noko av det siste Holme gjer som riksantikvar.

– Det er eit mektig oppdrag, og ikkje minst eit minne for livet.

Dronninga

50 ÅR SIDAN: Dåverande kronprinsesse og kronprins Harald saman med kong Olav.

Foto: ERLEND BLAALID OLDEIDE / NRK