I går kveld opna dronninga senteret som ho trur kan vere med på å auke medvetet om kva stavkyrkjene står for.
- Vi må ha stor ærefrykt for stavkyrkjene våre, sa dronninga.
Dronning Sonja trur det nye besøkssenteret som ligg like ved ved Borgund stavkyrkje, får mykje å seie ikkje berre for oss her i landet, men òg for turistar som kjem for å lære meir om stavkyrkjer og norsk kultur.
Unike
Dronninga meiner dei gamle kyrkjene er unike også i verdssamanheng, og at det er viktig at vi tek godt vare på dei som er att.