Hopp til innhold

Dronninga opna nytt besøkssenter ved UWC

FLEKKE (NRK): Det var ei tydeleg stolt dronning Sonja som i ettermiddag fekk æra av å opne det nye besøkssenteret ved Røde Kors United World College i Fjaler. – Stadig fleire vil få glede av dette, sa dronninga.

Dronning Sonja på sitt niande besøk ved UWC i Fjaler
Foto: Rune Fossum / NRK

Dronning Sonja vitjar i dag den internasjonale skulen i Flekke for niande gong. United World College i Fjaler feirar 20 år, og det var dronninga som hadde fått i oppgåve å stå for den offisielle opninga av dei to bygga som utgjer besøkssenteret, Thor Heyerdahl-bygningen og Amfi Dunant.

– Det er fantastisk å vere her i dag. Det er utruleg å sjå etter 20 år kva som har grodd fram og blitt resultatet her. Det er berre å ta av seg hatten for alle dei energiske menneska som har fått dette til, sa dronning Sonja til pressa etter opninga.

– Utruleg imponerande

Før dette hadde dronninga gitt skulen mykje skryt i sin tale som ho starta slik.

– Det er utruleg imponerande å sjå kva de har fått til i løpet av dei tjue åra som skulen har eksistert. Den har vakse, den har fått stadig fleire bygg, fleire aktivitetar og det er fleire menneske vil kome hit.

Dronning Sonja viste i talen stor begeistring for at det stadig kjem fleire unge menneske til skulen. Dronninga opna så det nye besøkssenteret.

Brasilianske Melvin (22) fekk eit heilt spesielt møte med Dronning Sonja.

SJÅ TV-SAKA: Brasilianske Melvin (22) fekk eit heilt spesielt møte med Dronning Sonja. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/HEIDI LISE BAKKE)

Her er det tenkt at endå fleire unge skal få oppleve verda gjennom dei mange kulturane som er representerte på skulen. Besøkssenteret har 96 sengeplassar og får allereie i dag besøk av to leirskuleklassar.

– Det er stadig fleire som strøymer til dette området, og som vil få glede av dette samværet av unge menneske frå alle kantar av verda. Gratulerer, sa Dronning Sonja mellom anna i sin tale.

– Ein stor dag

For avtroppande ordførar i Fjaler, Arve Helle (Ap) er det også ein stor dag.

Hans siste offisielle oppdrag som ordførar var å ta imot dronninga på kaia i ettermiddag, ei kvinne han meiner har vore svært viktig for skulen og bygda.

– Det er sjette gongen på mine 12 år som ordførar at eg har gleda av å ta imot ho. Det er første gongen ho kjem med Kongeskipet, og med det vêret vi har i dag, så er dette ein fantastisk dag, sa Helle like før dronninga kom til kai.

– Eitt av mine hjartebarn

Dronninga har tidlegare kalla UWC eit av sine hjartebarn, noko ho gjentok til pressa i dag.

– Det viktigaste er å gje unge menneske ei utdanning, og det blir gjort her med 200 elevar frå nesten 95 nasjonar. Berre tenk på den moglegheita det er å kome saman, lære av kvarandre, og forstå og respektere kvarandre sjølv om ein har heilt ulike opphav, sa dronninga.