Normal

Dronninga kom for å lære meir om Linda og medpasientane

FJALER (NRK): Hjerneslag råka trebarnsmora Linda Føleide Skinlo (34) som lyn frå klar himmel. I dag fekk ho royalt på Hauglandssenteret.

I dag kom dronning Sonja til Haugland rehabiliteringssenter i Fjaler - for å lære meir om korleis Linda og 
dei andre pasientane har det.

SJÅ TV-SAKA: Det har nærast blitt ein tradisjon for Dronning Sonja å vitje Haugland rehabiliteringssenter. I dag fekk Dronninga mellom anna møte Linda Føleide Skinlo (34).

Dronninga var i dag på vitjing på Hauglandssenteret, i samband med besøket sitt til United World College i Flekke. Der var det ikkje berre frammøtte for å få eit glimt av Dronninga.

Men Dronning Sonja ville også helse på rehabiliteringspasientar.

– Hauglandssenteret er ein stad der pasientar kjenner seg trygge, og der dei veit at dei får hjelp, seier Dronning Sonja.

Fekk hjerneslag

Linda Føleide Skinlo

TRENING: – No er eg fiksa og reparert, så det er vegen vidare som er utfordringa, seier Linda Føleide Skinlo.

Foto: NRK

Ei av dei som fekk helse på Dronninga, var Linda Føleide Skinlo. For tre år sidan vart 34-åringen frå Leikanger råka av hjerneslag.

Det ho først trudde var eit kraftig migreneanfall, skulle snu opp ned på kvardagen som lærar og trebarnsmor.

– Eg fekk ei kjensle av at eg svima av og klarte ikkje å stå oppreist. No har eg aldri vore spesielt glad i å gå til lege, så dit skulle eg ikkje. Eg var så omtåka at eg ikkje skjønte alvoret sjølv, fortel ho.

– Inspirerande

Vegen tilbake er hard. Spesielt for ei trebarnsmor som var aktiv både på idrettsfronten og i naturen. Håpet er å ein dag kunne vende tilbake til læraryrket.

Opptreninga får Skinlo på Hauglandssenteret i Fjaler. Ein stad ho føler er heilt unik og gir henne uvurderleg støtte. Både frå tilsette, men også med pasientar.

– Det er heilt unikt. Det gjer ingenting at eg ikkje møter andre med min diagnose. Alle har sin eigen bagasje, og det er veldig flott. Du lærer utruleg mykje og det inspirerer å sjå kva andre får til, seier 34-åringen.

Imponert over samarbeid

Den verdien ser også Dronning Sonja. Ho har mange gonger før vitja Hauglandssenteret og United World College Nordic, som ligg side om side i vesle Flekke.

Dronning Sonja kjem ut av jordgamma på UWC i Fjaler

SJÅ BILETSERIE: Dronning Sonja vitja United World College for tiande gong.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Samspelet er eineståande, der elevar ved skulen går inn, tek ansvar og hjelper pasientane. Samarbeidet er på mange plan veldig, veldig imponerande, seier Dronninga.

– Kor viktig trur Dronninga at rehabiliteringshjelpa er?

– Den kan vere avgjerande.

Viktig påminning

Opptreninga på Hauglandssenteret er heilt avgjerande, slår Skinlo fast.

– Når ein kjem, så ser dei heile deg. Dei får deg til å tenkje nytt, sjå styrkane og byggje vidare på dei. Du blir minna på å ta steg for steg, seier ho.

Akkurat det er ei viktig påminning for ei som er utolmodig.

– Du samanliknar deg med slik du var før, og du vil at det skal vere slik no. Det å akseptere at ting endrar seg er vanskeleg. Det tek tid, avsluttar 34-åringen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune