Hopp til innhold

Dronninga kjem tilbake til UWC

Dronning Sonja kjem til Fjaler for å delta på til verdsgymnaset United World Collage sitt 20-årsjubileum i september.

Dronning Sonja på UWC

KJEM TILBAKE: Dronninga har vore i Fjaler fleire gonger før. Sist i april 2014.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det kongelege besøket skjer 21.–22. september.

– Vi ser fram til dette med ære og stor forventning. Under besøket vil det vere eit spesielt fokus på samarbeidet vårt med Røde Kors, skriv UWC på nettsida si.

Dronninga er UWC sin høge beskyttar og har gjesta skulen jamleg dei siste åra, seinast i april i fjor då ho la ned grunnsteinen til eit nybygg ved skulen. Dette skal brukast til leirskule og som besøkssenter med plass til nærare 100 gjester.

I september vil dette bli offisielt opna av dronninga.

UWC blei opna av dronninga i 1995, og kosta til saman 100 millionar kroner. Skulen fører fram til internasjonal studenteksamen (BI), og driv undervisning med særleg vekt på miljøarbeid og menneskerettar. I dag har skulen om lag 200 elevar frå 95 land.

Dronning Sonja heldt i dag fram reisa si i Sunnfjord. Ho starta dagen på det store internasjonale Røde Kors-senteret på Haugland i Fjaler. Der la ho mellom anna ned grunnsteinen til eit nybygg.

VIDEO: Dronning Sonja la ned grunnstein til nybygg i april i fjor. I haust skal ho offisielt opne bygget.