Hopp til innhold

– Fantastisk å få besøke UWC i Fjaler, seier dronning Sonja

Ei engasjert dronning Sonja er full av lovord etter besøket ved UWC i Fjaler. – Det er så mykje talent og kunnskap, iver og energi her, seier ho.

Dronning Sonja på UWC

KOSAR SEG: Dronninga Sonja fortel at det alltid er kjekt å komme til verdsgymnaset i Flekke der ho er skulen sin høge vernar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dronning Sonja har vore på eit todagars besøk på United World College i Flekke Fjaler. Dronninga er skulen sin høge beskyttar, og ho har alltid gitt uttrykk for at denne skulle ligg hennar hjarte nær.

– Eg var heldig og fekk vere med heilt i starten som visepresident i Røde Kors den gongen.

For Norden skulle få eit UWC og det blei i mange diskutert kvar skulen skulle liggje.

– Vi var så heldige å ha Bekker-eigedommen. Det at vi hadde så nydeleg tomt, gav oss eit godt kort på handa. Eit UWC skal liggje litt isolert. Det var stort at vi fekk gjennom at skulen skulle liggje her. Det veks og gror og det tykkjer eg er flott, seier ho til NRK.no.

– Det beste for fred i verda

Dronning Sonja på UWC

STORT MANGFALD: Skulen har om lag 200 elevar frå 95 land.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Dronning Sonja på UWC

LEGG NED GRUNNSTEINEN: Etter at skrinet med grunnsteinen til nybygget var lagt ned, dekka dronninga det til med nokre skeier sement.

Foto: Oddleif Løset / NRK

UWC blei opna av dronninga i 1995, og kosta til saman 100 millionar kroner. Skulen fører fram til internasjonal studenteksamen (BI), og driv undervisning med særleg vekt på miljøarbeid og menneskerettar.

– Det å få unge menneske saman vil vere det beste for fred i verda. Dette er eit flott prinsipp, seier gho.

Verdsgymnaset i Flekke tok det første året inn 104 studentar frå 65 land. I dag har skulen 200 elevar frå 95 land.

– Tenk på korleis dei blir kjent med kvarandre, med kulturen til kvarandre og får forståing for andre. Vi burde ha mange fleire slike tiltak rundt om i verda.

– Korleis har dronninga opplevd besøket i Flekke denne gongen?

– Det har vore fantastisk. Eg blir imponert over showet dei unge sette opp i går kveld. Det er så mykje talent og kunnskap, iver og energi her. Det er heilt utruleg og veldig stort, seier dronninga.

(Artikkelen held fram under)

Dronning Sonja heldt i dag fram reisa si i Sunnfjord. Ho starta dagen på det store internasjonale Røde Kors-senteret på Haugland i Fjaler. Der la ho mellom anna ned grunnsteinen til eit nybygg.

Er ønskja til opninga

Ho har vore rundt i klasseromma for å sjå korleis elevane arbeidar. I dag blei besøket avslutta med at ho la ned grunnsteinen til eit nytt bygg som skal stå ferdig i 2015. Dronninga har vore på besøk vede skulen fleire gonger og allereie fått spørsmål om ho vil komme til opninga.

– Eg har i alle fall bede om å få datoen så raskt som råd, så eg håper eg får det til, seier dronning Sonja.

Fredag ettermiddag er dronning Sonja på besøk på Åmot Operagard i Gaular.