Hopp til innhold

Dronninga har kome til Sogndal

Kaupanger skule og De Heibergske samlinger står på programmet når dronning Sonja i dag gjestar Sogndal. Med på turen er også statsrådane Liv Signe Navarsete og Kristin Halvorsen.

Dronningbesøket i Sogndal

TRYGGLEIK: Det er mykje politi i Sogndal i dag når dronninga vitjar kommunen.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK (MMS)

Kristin Halvorsen

KJEM: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV)

Foto: Falch, Knut / SCANPIX
Liv Signe Navarsete

KJEM: Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Dronninga kjem til Sogn for å overrekkje «Dronning Sonjas skolepris» til Kaupanger skule.

  • NRK Sogn og Fjordane følgjer dronningbesøket utover dagen både på nett, radio og Vestlandsrevyen

Om ettermiddagen vil dronninga besøkje De Heibergske samlinger, der elevar frå Kaupanger skule har ei sentral rolle i programmet.

Det er dronninga sjølv som overrekkjer prisen til Kaupanger skule, og under overrekkingsseremonien vil dronninga mellom anna få oppleve song og dans ved elevar frå skulen. Etter seremonien vil dronninga bli synt rundt på skulen, melder Fylkesmannen.

Etter aktivitetane på Kaupanger skule vil dronninga om ettermiddagen besøkje De Heibergske samlinger på Kaupanger. Her vil dronninga samtale med elevar om julefeiring i gamle dagar, og dronninga vil også følgje ein skuletime frå gamle dagar. Dronninga vil også besøkje museet si kyrkjeutstilling, der elevar frå Kaupanger skule les juleevangeliet og syng julesongar.

Besøket er det fjerde i rekkja for dronninga i Sogn og Fjordane, berre sidan i sommar. Ho har tidlegare gjesta Førde, Florø og Luster.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dronningbesøket i Sogndal

FRAMME: Dronning Sonja kom i føremiddag til Sogndal.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK (MMS)

Slik er programmet for dronningbesøket:

09.47: Dronninga landar på Sogndal lufthamn Haukåsen.
11.30: Dronninga kjem til Kaupanger skule og vert møtt av rektor Geir Navarsete, FAU-leiar Jorunn Kristin Aa Albretsen og elevrådsleiar David Wefring Osen.
• Dronninga får blomster av Ingeborg Romstad Osland (9 år) frå 4. klasse
Deretter ventar eit fyldig program i gymnastikksalen på skulen:
• Blokkfløytefanfare v/ klasse 8A ved inngangen
• Dronninga vert følgt inn i gymnastikksalen og helsar på
- Kunnskapsmininster Kristin Halvorsen
- Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
- Direktør i Utdanningsdirektoratet Petter Skarheim
- Juryformann, professor dr. philos Edvard Befring
- Fylkesordførar Nils R. Sandal
- Rådmann Jostein Aanestad
Prisoverrekkingsseremoni
• Velkomstsong ved Mari Malmanger
• Velkomsthelsing ved konferansierane
- Ingrid Øien
- Sandra Ågotnes Lærum (elevrådsrepr.)
• Songinnslag v/ 1. – 4. klasse
• Tale ved statsråd Kristin Halvorsen
• Dans v/ 8. – 10. klasse
• Tale ved juryformann Befring
• Introduksjon av aktørane i prisutdelinga v/ Befring
• Dronninga overrekkjer Dronning Sonjas Skulepris
• Songinnslag v/ 5. – 7. klasse
• Tale ved rektor Geir Navarsete
• Skulekoret syng når dronninga forlet salen
12.30 –13.15: Rektor Geir Navarsete og elevrådsleiar David Wefring Osen syner dronninga, kunnskapsministeren og kommunal- og regionalministeren rundt til ulike klassar. Dronninga får ein DVD elevane har laga.
13.15: Pressemøte ved biblioteket på skulen.
14.25: Avreise frå Kaupanger skule
14.30: Dronninga kjem til De Heibergske samlingar og vert motteken av museumsdirektør Aage Engesæter
14.35: Stavedalsstova
• Dronninga vert motteken av fagkonsulent Lars Asle Vold
• Vold samtaler med dronninga og 14 skuleborn frå klasse 4A om julefeiring i gamle dagar
14.55: Helgheimsstova
• Dronninga vert motteken av museumslektor Anna Avdem
• Dronninga følgjer Avdem og 21 skuleborn frå klasse 5A sin skuletime frå gamle dagar
15.20: Dronninga gjestar kyrkjeutstillinga i museet sitt hovudbygg.
• Skuleborna les juleevangeliet – eldste kjende versjon på nynorsk; omsett av Kristofer Janson
• Julesongar:
- Juleverset (etter folkesongaren Ragnar Vigdal frå Luster)
- Mitt hjerte alltid vanker (Hans Adolf Brorson)
- Fra fjord og fjære (Magnus Brostrup Landstad; den fyrste norske julesalmen)
- No koma Guds englar (Elias Blix; den fyrste julesalmen på nynorsk)
15.40: Avslutning
• Dronninga tek avskjed med Vold og Avdem i kyrkjeutstillinga
• Engesæter følgjer dronninga til porten utanfor museet og tek avskjed
15.45: Avreise frå De Heibergske samlinger
Det vert ikkje lagt til rette for meir mediedekking denne dagen.
18.21: Avreise frå Sogndal lufthamn