NRK Meny
Normal

Beklaga at ho kom for seint

Litt forseinka kom dronninga Sonja til Luster, der ho skal vere med på ei gudsteneste i samband med nyopninga av Urnes stavkyrkje.

Tekniske problem med Widerøe-flyet førde til at dronninga kom over ein time for seint til Solvorn.

Ei bunadskledd dronning vart møtt av mellom anna anna ordførar Torodd Urnes og hotelldirektør Ole Henrik Walaker.

Venta spent med blomar

Johannes Langlo Handeland

Johannes Langlo Handeland har fått den store æra av å gi ein bukett til dronninga.

Foto: Simon Solheim/NRK
Marianne Engjom, Liv Torheim Øvrebø, Åshild N. Thune og Marit Bjørnethun

Marianne Engjom, Liv Torheim Øvrebø, Åshild N. Thune og Marit Bjørnethun gler seg.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ein som var veldig spent i dag var 10 år gamle Johannes Langlo Handeland. Han er elev i femte klasse ved Solvorn skule og i dag fekk han overrekke blomar til dronninga.

– Eg gler meg masse og denne dagen blir eit minne for livet, sa han før dronninga kom.

Då dronninga fekk buketten, beklaga ho at han hadde måtta vente så lenge.

– Stor dag for bygda

Alle elevane ved Solvorn skule hadde møtt fram for å få eit glimt av dronning Sonja. Også Marianne Engjom, Liv Torheim Øvrebø, Åshild Nordbø Thune og Marit Bjørnethun stod klare.

– Dette er ein stor dag for bygda vår. Vi er veldig spente og tykkjer det er stas at ho er her, fortel dei.

Då dronninga kom til Urnes stavkyrkje med båt, vart ho møtt av blomsterjentene 10 år gamle Ingvill Bugge Wergeland og Eirill Bugge Landro som er fire år.

Lunsj på låven

Urnes stavkyrkje har blitt restaurert for 12 millionar kroner dei siste åra. I dag får dronning Sonja vere med på ei gudsteneste i stavkyrkja som vart bygd i omlag 1130.

Dronninga skal også plante eit plommetre på området og deretter er det lunsj på låven på Urnes gard.

Dette er menyen

Menyen på Urnes gard under dronningbesøket
Foto: Birger Meland / NRK

Inne i låven er det pynta og dekka til 48 gjestar. Dei får servert varmrøykt fjellaure og snøfrisksalat med eple og raudlauk til forrett. Til hovudrett er det einergrava hjortefilet med tytebærrømme og marinert salat. Måltidet blir avslutta med bringebæris og friske bær servert med kvit sjokoladesaus med vanilje.

Talar og stev

Under lunsjen vert det talar av riksantikvar Jørn Holme, miljø- og utviklingsminister Erik Solhei og ordførar Torodd Urnes. Gjestane får også høyre eit stev av Asbjørg Ormberg.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.