- 14. juli i fjor vart Vestnorsk Fjordlandskap med Nærøyfjorden og Geirangerfjorden verdsarvområde på grunn av si unike kulturarv. Denne store hendinga ønskjer vi å feire saman med bygdefolket i dei to fjordane som vert innskrivne på UNESCO si verdsarvliste, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy i ei pressemelding.
Markeringa ved Nærøyfjorden 10. juni er todelt. Klokka 1230-1500 vert det folkefest på Bakka. På Bakka står naturen i fokus, og både gjester og folk flest vert difor oppmoda om å kle seg i fritidsklede. På Bakka vert det kulturinnslag og talar, og dronning Sonja avdukar ei minneplate for verdsarvområdet.
Publikum vert oppmoda om å ta med seg nistekorg og klappstol til Bakka, og ta del i markeringa. Heile programmet skjer ved skulehuset på Bakka. Fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane inviterer dronninga og ein del andre gjester til lunsj, men det vert også lova ein lokal smakebit til folk flest. Det vert sett opp båtruter frå fleire kommunar til Bakka.
Om kvelden held Miljøverndepartementet ein middag for inviterte gjester på Fretheim Hotel. Også her deltek dronning Sonja.