Hopp til innhold

Her er turdronninga på kystferie i Sogn og Fjordane

Dronning Sonja har vore på båtferie i fylket. For andre år på rad fekk Svein Inge Fosse vere guide for "turdronninga" då Kongeskipet la til kai i Kalvåg.

Dronning Sonja Kalvåg 3

KOM TILBAKE: Turglade dronning Sonja har feriert med Kongeskipet i Sogn og Fjordane. Torsdag kom ho tilbake til Kalvåg.

Foto: Privat

Turglade dronning Sonja og gjestene hennar har gjort fleire stogg på turen med Kongeskipet langs kysten av fylket. Tysdag var det Utvær fyr og fyrvert Marit Steinsund som vart overraska av kongeleg besøk. Og før helga la Kongeskipet til kai i Kalvåg.

Dronning Sonja og Svein Inge Fosse ved Knutholmen

ANDRE GONG: Svein Inge Fosse ved Knutholmen fekk guide dronning Sonja rundt i Kalvåg for andre år på rad.

Foto: PRIVAT

– Eg stod på taket og snikra då sonen min ringde og sa at Kongeskipet var kome. Eg gjekk ned, og der kjem ho på land, fortel Svein Inge Fosse ved Knutholmen i Kalvåg.

– Ho kom og glad meg ein klem og takka for sist. Eg var over imponert at ho ville kome att i år, for ho var her i fjor òg, seier han.

– Fekk omvising

I fjor la dronninga i veg mot fjellet Veten då ho besøkte Bremanger. Då ho kom tilbake før helga ønskte dronninga og gjestene hennar ei ny omvising på Knutholmen, Galleri Frøya og andre stader i Kalvåg.

Dronning Sonja på Utvær fyr

PÅ UTVÆR: Tidlegare i veka besøkte dronninga også Utvær fyr.

Foto: Evy Ann Hummervoll

– Eit varmt menneske. Slik eg har sett henne i fjor og i år er ho utruleg hyggjeleg og vennleg, og veldig godt orientert om distriktet her, seier Fosse.

Han tok gjerne jobben med å guide dronninga og gjestene hennar rundt ein gong til.

– Ho synest det var interessant å høyre om plassen, eg fortel litt historie og om husa her – og så skryt eg litt av naboane mine. Det er fantastisk flinke folk her, seier han.

– Svigermor fekk helse på henne og, ho blei heilt forfjamsa, ler han.

Skal til Selje

Dronninga skal vere i fylket også neste helg, då ho skal delta på Bjørgvin Bispedøme sitt 950 års jubileum, som finn stad på Selja. At ho valde å kome tilbake til Kalvåg på reisa si i fylket, er Fosse litt stolt over.

Dronning Sonja i Kalvåg

GJESTAR: Dronning Sonja har med gjestar på kystferien i Sogn og Fjordane.

Foto: PRIVAT

– Kvifor trur du dronninga vel å kome att til Kalvåg?

– Ho syntest kanskje det er kjekt å sjå at ein kan klare seg på slike små plassar, at vi klorar oss fast her ute ved kysten. Eg trur ho er litt imponert over kva vi har fått til her.

Også folk i Kalvåg set pris på at dronninga kjem att, trur Fosse.

– Det er stas. Båtfolk og alle som kjem kommenterer det. Det vekkjer merksemd og eg trur folk i Kalvåg er stolte over at ho vil kome her to år på rad, seier Fosse.

I tillegg til Kalvåg og Utvær skal dronninga også ha vore innom mellom anna Alden og Kinn på turen langs kysten av fylket.