Dronning Sonja kjem til Selje

Selje kommune får i sommar besøk av H.M Dronning Sonja i samband med feiringa av 950- årsjubileum for Bjørgvin bispedøme.

Dronning Sonja 80 år

KJEM TIL SELJE: 8. juli 2018 vitjar H.M Dronning Sonja Selje.

Foto: Sven Gjeruldsen / Det kongelige hoff

– Det er særdeles kjekt. Vi har hatt ein aktiv dialog inn mot slottet og kongefamilien lenge, seier ordførar Stein Robert Osdal.

I 1068 vart Selje hovudsete for eitt av fem bispedøme som då vart oppretta. Selja bispedøme hadde sitt sete på øya Selje fram til 1170 då bispedømet vart flytta til Bergen.

950 år kyrkjehistorie

Selje kommune og den norske kyrkja har hatt ønske om å markere 950-årsjubileum på ein høveleg måte sommaren 2018, og ordføraren tykkjer difor det er svært gledeleg at H.M Dronning Sonja besøker Selje denne dagen.

Stein Robert Osdal

STOLT ORDFØRAR: Stein Robert Osdal (KrF) er ordførar i Selje

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

–Det er eit stort jubileum til sommaren og vi ser verkeleg fram til at Dronninga kjem på besøk 8. juli, seier Osdal.

Seljumannamessa

Jubileumsfeiringa vil finne stad i samband med den tradisjonelle Seljumannamessa som vert arrangert kvart år på Seljeøya den næraste søndagen til 8. Juli.

– Vi har tidlegare hatt gleda av å ha kronprinsparet på besøk i Hoddevika, og vi ser kor mykje det gjer for innbyggarane og for folket rundt. Når dronninga kjem den 8. juli så betyr det mykje for innbyggarane i Selje og kommunen som heilskap, seier Osdal.

Selje kommune og komiteen for Seljumannamessa vil legge opp til eit variert program i tillegg til den tradisjonelle gudstenesta på klosterøya. Det endelege programmet for dronningbesøket er ikkje klart, og vert kunngjort på eit seinare tidspunkt.