NRK Meny

Drog opp 75 lastebildekk

Under ein ryddeaksjon av fjordbotnen utanfor kaianlegga i Holmen i Sogndal vart det nyleg henta opp 75 lastebildekk, 13 syklar og tre handlevogner. Fjorden må ikkje vere ein søppelplass, seier Helge Reksnes i Sogndal Dykkarklubb til Sogn Avis. Dykkarane fortel elles at det er mykje skrot i fjorden og oppmodar til fleire ryddeaksjonar.

Vegopning på Bergum i Førde kommune