NRK Meny
Normal

Drog kona som ei «filledokke» bortover golvet

Nyttårsfesten gjekk over styr med både familiemedlemer og tre born i huset. No er mannen i 40-åra dømd til fem månader fengsel for vald mot ektefellen.

Gulating lagmannsrett

ILLUSTRASJON: Gulating lagmannsrett stadfesta dommen til den valdstiltalte ektemannen.

Foto: Reinhardheydt

Mannen vart i Fjordane tingrett dømd for både grov vald mot kona, samt vald og truslar mot tenestemennene som arresterte han natt til 1. januar i fjor.

No har Gulating lagmannsrett stadfesta fengselsdomen på fem månader.

Slått medvitslaus

For medan mannen aksepterte dommen for lovbrota mot politiet, anka han domfellinga for å ha utsett kona for vald.

Etter tiltalen slo mannen ektefellen medvitslaus med ein porselensvase.

Domfelte vedgjekk at det oppstod krangel mellom paret då kvinna fann ei tekstmelding som kunne antyde at han hadde vore utru og at kvinna som følgje av dette gjekk til angrep på han. Mannen hevda at han måtte sprøyte kona med eit brannsløkkingsapparat for å roe henne ned, og at ho då sklei og slo seg mot nattbordet.

Dradd som ei «filledokke»

Etter dette vedgjekk han å ha slått kvinna med flat hand ein eller to gonger i ansiktet. Kvinna støtta opp om dette både i retten og i samtale med vener etter hendinga. Sjølv om ho forklara seg annleis til politiet den aktuelle kvelden.

Ho hevda også at det var ho som knuste vasen då ho kasta den mot mannen.

Familiemedlemene som var på besøk forklara derimot at dei vart vekte av kvinna og at dei vart vitne til delar av valden. Dei forklara at dei såg kvinna bli dradd som ei «filledokke» langs golvet og inn på badet.

Trudde ikkje på ekteparet

Lagmannsretten la vesentleg vekt på fornærma si forklaring den aktuelle natta, og forklaringane til familiemedlemmene som var på besøk.

– Det blir såleis lagt til grunn at tiltalte slo fornærma gjentekne gonger i hovudet og i ansiktet, også med ein vase. Vasen knuste, nasen hennar vart broten og ho var ein augneblink medvitslaus, skriv lagmannsretten.

Det vart vidare lagt til grunn at det under valdshandlinga var tre born i huset, og retten kunne heller ikkje sjå at mannen vart provosert.

Sat varetektsfengsla

Sjølv om mannen kjende seg trua av kvinna, viste retten til at valdshandlingane ikkje stogga opp då familiemedlemene kom til og kunne hjelpe han.

Med dette konkluderte lagmannsretten at anken ikkje kunne føre fram, og derimot stadfesta dommen frå Fjordane tingrett.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem 33 dagar som mannen sat varetektsfengsla. Han må også betale 5.000 kroner i sakskostnader til det offentlege.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser