Hopp til innhold

Drog i land over 5000 kilo med fisk

Måløy Havfiskefestival vart i helga arrangert for andre gong, men har allereie meir enn dobla talet på deltakarar i Norgescupen. – Dette har absolutt ei framtid, seier dagleg leiar i festivalen, Kjell Oldeide.

Kor mange som totalt sett var innom festivalen i Måløy sentrum i løpet av helga, veit han ikkje, men festivalsjefen er strålande nøgd.

– Det var eit yrande folkeliv på torget i Måløy, og når vi då får knappe tusen turistar frå cruiseskip inn i tillegg, så set festivalen absolutt sitt preg på Måløy, seier Oldeide.

Frå 45 til 100 deltakarar

Det han har tal på syner ei tydeleg auke. I år deltok hundre sportsfiskarar i Norgescupen, der målet er å få flest og størst fisk. I fjor var talet på deltakarar om lag 45. Det er meir enn ei dobling.

Måløy havfiskefestival 2013

STRÅLANDE: Det er ordet Kjell Oldeide (i midten) brukar om årets festival. Her får han sjølv utrekt premie.

Foto: Kristin Oldeide

– Det var sportsfiskarar frå Andenes i nord til Oslo og Sørlandet i sør. Alle har lyst å komme igjen og ha med seg endå fleire folk, så dette er absolutt ein veksande festival i Norgescupen, og ein av dei største hittil i år i serien av Norgescupar, seier han.

Totalt vart det drege opp rundt 5000 kilo med fisk i løpet av helga.

– Det er ikkje småtteri når du skal trekkje det opp på ei fiskestong med maks tre krokar. Så vi er veldig godt nøgd med både fisket og arrangementet.

Fiskekonkurranse for barna

Barnefiskekonkurranse var likevel det som gledde hjartet til Oldeide mest av alt.

– 60 barn stod langs lekteren saman med engasjerte foreldre, så det rører hjartet på ein gamal fiskar.

Festivalsjefen seier det er lenge sidan det har vore så mange folk i Måløy sentrum, og han er glad for at festivalen har drege så mange dit. Når det gjeld stemninga, har han ingenting å seie på den.

– Når ungar leikar med fisk og bygger eigne båtar, kombinert med at vi fekk presentert historiske føredrag av Terje Sølvberg om Måløy som fiskeby av storleik, då vert dette perfekt, seier han.

– Har absolutt ei framtid

Vêrgudane var også til god hjelp for Havfiskefestivalen.

– Fiskarane fekk oppleve eit Stadhav som var heilt flatt. Vanlegvis pleier vi å vere grundige på sikkerheit til havs og slikt, og forklare at Stadhavet ikkje er å leike med, men det eg hadde å orientere om var at folk måtte hugse å ta med solkrem, seier Oldeide.

Han er ikkje i tvil om at det vert ny festival til neste år. No håpar han berre at endå fleire unge vil vere med.

– Dette her har absolutt ei framtid. Det som er så kjekt er at det i år var fleire ungdommar med og sette sitt preg på arrangementet, og vi håpar at dei får med seg endå fleire. Vi har lagt eit kulturelt grunnlag for festivalen, og dei kan byggje det vidare til å bli ein av dei store havfiskefestivalane i Norge.