Drivstoffproblem i Gulen
Lynnedslag gjer at bensinstasjonane i Brekke i Gulen og Haugsvær i Masfjorden er ute av drift. Dei har berre kortautomatar, som vart slått ut av toreveret, melder Bergens Tidende. Det kan vere eit stykke til næraste tankmoglegheit.