Hopp til innhold

Jølster-naturen inspirerer ho til å lage smykke

Anne Lise Øvrebø har gjort suksess av å lage smykke og kunst. Det siste halvåret har etterspurnaden auka kraftig.

Anne Lise Øvrebø frå Jølster lagar smykker, inspirert av Jølster-naturen.

ARBEIDSGLEDE: Anne Lise Øvrebø er glad i jobben sin, og får stadig nye idear. Foto: Eli Eikenæs Vengen.

For elleve år sidan starta Anne Lise Øvrebø ein smykkeverkstad på Ålhus i Jølster, av alle stader. Det er her ho hentar inspirasjon.

– Det er ikkje alltid eg ser ting direkte i naturen, men det er noko med det å kome seg ut, få rydda litt i tankane og få roa. Då kan det dukke opp ting som berre eg ser inne i mitt hovud, seier ho.

Fekk utmerking frå eigne fagfolk

Anne Lise Øvrebø smykkedesign

MANGE KOLLEKSJONAR: I verkstaden på Ålhus florerer det av ulike typar smykke, armband, ringar og så vidare.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Til dømes har ho ein ring som ho fekk inspirasjon til nettopp ved Jølstravatnet.

– Den heiter horisont, og om ein legg godviljen til kan ein sjå nokre fjellformer der, litt gode og runde slik vi har her i Jølster, seier Øvrebø.

NRK besøkte ho i verkstaden, som bognar av det meste innan smykkekunst, med alt frå smykkar og armband, til ringar og anna. No har ho også blitt kåra til månadens Birka, ei utmerking frå eigne fagfolk.

– Det er litt stas då. No jobbar ikkje eg for å få nokon utmerking, eg jobbar for å glede kundane som har bestilt noko. Men når du får den telefonen så er det veldig stas altså, at nokon har lagt merke til at du har gjort noko bra.

Auka etterspurnad

Det er eit halvt år sidan ho kom i gang igjen etter siste mammapermisjon, og trebarnsmora har merka ein kraftig auke i etterspurnaden sidan ho kom tilbake.

– Det har vore eit travelt halvår. Om det er tilfeldig at mange har venta med bestillingar til eg skulle starte igjen, veit eg ikkje. Men eg vel å tru at det har ein samanheng med at eg laga ganske mykje nytt som folk har likt, seier ho.

Tenar du pengar på det?

– Ja, no vågar eg nesten å seie at eg er begynt å tene litt pengar. Eg veit ikkje kva eg har frå månad til månad, så eg må sjå på sluttresultatet. Men så lenge eg har pengar når eg kjem på butikken og skal handle mat og har litt utover det, så er det greitt. Det har aldri vore planen å bli kjemperik på dette, det har aldri vore drivkrafta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Lise Øvrebø smykkedesign

DETALJAR: Ein liten ting kan ta mykje lenger tid enn eit stort smykke, fortel Øvrebø.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Ein tidkrevjande jobb

I lokalet på Ålhus er det ikkje berre verkstad, men også butikk og utstilling av mange ulike smykkekolleksjonar. Eit 3D-program ho har investert i gjer det lettare for ho å lage modellar av produkt som kundar ønskjer, eller som ho sjølv får inspirasjon til å lage.

Øvrebø er glad ho starta opp når ho gjorde for elleve år sidan, og ikkje seinare.

– Det var eit år før vi fekk førstemann. Kanskje det ikkje hadde blitt noko av dersom eg hadde venta til eg fekk ungar, for då blir det ein del andre ting å styre på med. Så eg er veldig glad då eg starta opp med det eg gjorde, seier ho.

– Mange vegskilje

Men gjennom dei elleve åra har ho mange gonger lurt på om det er dette ho skal drive med, og om det er riktig å halde fram.

– Det er ingenting som går av seg sjølv, dette. Så ein er på jobb som bøndene, heile døgnet.

Likevel verkar det som om folk er villige til å betale for det arbeidet ho legg ned. For det varierer veldig kor lang tid ho brukar på eit produkt, og dermed varierer også prisen. Medan noko tek ti minutt, kan andre ting ta fleire dagar.

– Når folk kjem og skal handle til seg sjølv eller andre er det ikkje alltid prisen som er avgjerande. Dei vil kjøpe noko som har det vesle ekstra når dei skal gi det vekk, eller kanskje det er noko dei har tenkt på lenge og har spart opp til eller arva.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Lise Øvrebø smykkedesign

I UTKANTEN: Smykkekunstnaren er klar over at plasseringa er uforståeleg for mange, men meiner Ålhus er den riktige staden for ho å vere.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Riktig å vere i Jølster

At ho er plassert på Ålhus forstår ho kan verke merkeleg for nokon. Øvrebø har vurdert andre stader, som til dømes Førde, men seier husleige og pendling er avgjerande faktorar.

– Truleg hadde eg selt meir i Førde, men då hadde eg hatt mindre tid å produsere. Og no er i det grenseland til at eg kan klare å administrere alle rollene i høve til å ta bilete av alle tinga, teikne dei og lage dei, seier ho.

– Det er riktig å vere her. Det er her eg har røtene og inspirasjonen.

Og Øvrebø har planar om å vekse litt, så sant det er let seg gjere.

– Men eg har nokre avgrensingar når det kjem til tid. Heldigvis har eg ungar, elles hadde eg vel budd her nede.