Hopp til innhold

Drilljentene helsa Sommeråpent velkomen til Florø

FLORØ (NRK): Florøværingane fekk vise seg frå si beste side då Sommeråpent i kveld vitja Norges vestlegaste by.

Drilljentene helsar Sommarbåten velkomen
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

NRK og Sommeråpent sender i år frå «MS Sjøkurs», betre kjent som Sommarbåten. Turen starta i Vadsø den 21. juni og seglar heile den fantastiske kysten vår med retning Oslo.

Denne veka er det Atle Bjurstrøm og Ida Nysæther Rasch som er programleiarar og i dag var turen komen til Florø.

Der fekk dei mellom anna sett gjestfridomen i Florø på prøve, oppleve eit drillshow frå dei ferske noregsmeistrane i Florø drill og sjå folka bak Våt Moro leike seg i fjorden.

I morgon går turen vidare til Sogndal, før Sommarbåten set kursen vidare til Høyanger og Skjerjehamn på si ferd sørover langs kysten.

Del dine bilete frå møtet med Sommarbåten - med #nrksf

Omvisning på Sommerbåten
Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager

SOMMARBÅTEN DIREKTE: Her kan du følgje «MS Sjøkurs» sin ferd langs norskekysten.