Hopp til innhold

Drilljentene frå Florø skal til EM

Florø Drill er nok ein gong noregsmeister i korpsdrill. Det betyr at jentene for andre gong tek turen til eit europameisterskap.

Florø drill
Foto: Privat

– Hadde det vore noko glas i nærleiken, så ville det knust. Det var desibelnivå på skriking og mykje glede, latter og tårer. Ei enorm lykke rett og slett, seier trenaren til dei nybakte noregsmeistrane frå Florø, Anja Merethe Knudsen.

Under meisterskapet i korpsdrill i Larvik på laurdag, kunne jentene frå Florø Drill krone seg med tittelen noregsmeister i drill majorette. Jubelen stod i taket då Florøjentene vart kåra til vinnar.

Trenaren til drilljentene kjenner på ein lette etter helgas konkurranse.

– Eg er letta, så det er mykje glede og sveving i skyer. Dette har vi jobba så hardt mot med mykje beinhard jobbing.

Drill

TIL EM FOR ANDRE GONG: 22 jenter frå Florø Drill er Noregsmeister i korpsdrill. I oktober tek dei turen til England for Europameisterskapet.

Foto: Stian Olaisen

Florø Drill har øvd på programmet sidan oktober 2015 etter førre EM, og målet for meisterskapet var heile tida klart.

– Kjensla var god etter at jentene var ferdig på golvet med programmet sitt. Vi ville behalde tittelen og få eit nytt uttak til EM, seier Knudson.

Eit tilbod utanom normalen

Drillmiljøet i Florø blomstrar, og trenaren legg vekt på at det er eit tilbod som skil seg ut frå andre fritidsaktivitetar i kystbyen.

– Drill er eit tilbod som kanskje går litt utover det vanlege. Dei som ikkje vil spele handball eller fotball får noko annleis. Det er ein veldig entusiasme blant både jentene og foreldra, seier Knudson.

Florø Drill

JUBELROP PÅ DESIBELNIVÅ: Etter at tittelen som Noregsmeister var i boks feira denne gjengen det heile med eit jubelrop.

Foto: Alf Vidar Snæland

Bak tittelen ligg det timevis med trening når 22 jenter skal vere samkøyrde, fortel Knudson.

– Det er så utruleg mykje hardt arbeid. To timar i vekedagane og mykje helgetrening. Både på eiga hand og saman for at jentene skal vere samkøyrde.

Må i gong med dugnad

Sist Florø Drill skulle til EM i måtte dei samle inn over ein kvart million kroner. Alt tyder på at det blir nokre dugnadstimar også før neste EM.

– Vi må nok jobbe ein del dugnad, og så håper vi på sponsorar sånn at eigenbetalinga for kvar utøver ikkje blir så stor, seier Knudson.

Jentene i Florø tek sommarferie, men før skulen tek til er treningane truleg allereie i gong att.

– Frå skulen byrjar er det eit hardkøyr fram mot oktober. Mogleg treningane er i gong allereie siste veka av sommarferien. No skal vi stå på og prøve på ein pallplass i EM i England, seier Knudson.