Hopp til innhold

Sander blei alvorleg sjuk av E. coli i 2006

RUGSUND (NRK): Drikkevatn-krisa på Askøy vekkjer sterke kjensler hos familien Gulliksen i Bremanger.

Sander Gulliksen, Beate Leirgulen og Espen Gulliksen

MINNER: – Det er litt spesielt å sjå tilbake på tida, seier Sander Gulliksen (t.v.) når han blar gjennom biletboka mamma Beate Leirgulen og pappa Espen Gulliksen har frå barndomstida hans. I boka er det foto frå tida han låg på sjukehus.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Dersom det stemmer at 2 000 har fått tarminfeksjon, og dei skal gjennom det eg var igjennom, så tykkjer eg synd på dei. Det er enorme tal.

Det seier Sander Gulliksen (19). Berre seks år gamal var han ein av 18 som vart sjuke i eit E. coli-utbrot i 2006. Etter ei tid vart smittekjelda lokalisert, morrpølse frå Gilde .

Då hadde eitt av 16 sjuke born døydd. Sander fekk nyresvikt og låg vekevis på sjukehus.

For foreldra Espen Gulliksen og Beate Leirgulen vart det ei svært tøff tid.

Sander Gulliksen.

SJUK: Sander Gulliksen låg fire veker på Haukeland, før han var frisk nok til å reise heim. Nokre veker seinare vart dei klar over kvifor han vart sjuk.

Foto: Åge Senneset, Fjordenes Tidende.

– Ei stund, medan vi var på Haukeland, var vi veldig redde for at vi skulle miste Sander. Han var i dialyse heile tida vi var der, og var i periodar på intensivavdelinga. Det var knalltøft, fortel Espen.

Vel vitande om at mange på Askøy har kjent på, og vil komme til å kjenne på, dei same kjenslene. Så mange som 2.000 personar kan ha fått i seg bakteriesmitten frå eit høgdebasseng.

– Vi har all mogleg sympati og forståing for at innbyggjarane er både sinte og skuffa. Det er ikkje tvil om at kommunen har svikta som leverandør av godt og trygt vann, seier varaordførar Bård Espelid (Askøylisten).

Det blir også undersøkt om dødsfallet til ein eitt år gamal gut kan ha samanheng med forureina drikkevatn.

I tillegg til E. Coli, har Askøy kommune funne Clostridium og intestinale enterokokkar i vasskjelda. Alt er tarmbakteriar. Over 40 har vore innlagde på sjukehus.

Sander Gulliksen

OPPSLAG: VG var mellom avisene som vitja Sander Gulliksen då han kom heim frå sjukehuset.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Det er ikkje bra. Ikkje bra i det heile, seier Sander.

Sjølv hugsar han brotstykke frå dei dramatiske vekene på vinteren 2006. Han hugsar sterke magesmerter i nedre del av magen.

– Magen var grei så lenge eg sat. Skulle eg røyse meg, så fekk eg ganske store smerter, seier Sander.

Ei januarnatt vart smertene uuthaldelege. Etter ei søvnlaus natt gjekk turen til legekontoret i Ytre Bremanger. Legen mistenkte ein alvorleg bakterieinfeksjon, og tok ingen sjansar.

I staden for 12 mil i bil til Førde sentralsjukehus, vart Sander og pappa Espen sendt med luftambulanse. Han var då ein av dei første innlagde i det som skulle vise seg å vere eit E. coli-utbrot.

På sjukehuset vart 6-åringen dårlegare. Nyrene slutta å fungere og teorien om at han var råka av hamburgar-bakterien viste seg å ikkje stemme. Turen gjekk vidare til Haukeland Universitetssykehus etter fire dagar.

– Der fann dei ut at det var E. coli, fortel Espen.

Med problemet avdekka, var det berre for familien å håpe at Sander kom til behandling i tide. I den vanskelege tida gjorde all støtte og hjelp frå heimbygda sterkt inntrykk.

– Det er sikkert familiar som har hatt tøffe stunder med alle typar sjukdom, men dette var den tøffaste vi har vore gjennom, seier Espen.

Etter fire veker på sjukehus var Sander frisk nok til å reise heim til Rugsund og dei to syskena sine. Det skulle likevel gå fleire veker før familien fekk vite korleis seksåringen fekk i seg tarmbakterien. Klappjakta på smittekjelda førte fram.

– Vi meiner det var morrpølse frå Gilde som gjorde meg sjuk, seier Sander.

Sander fekk tett oppfølging av både lege og sjukehus den første tida. Etter kvart som blodprøvane normaliserte seg, slutta oppfølginga.

– Vi var vel heldig. Det var dei det ikkje gjekk så bra med, som Sander. Vi tenkte mest på dei, seier mamma Beate.

Sander Gulliksen

FRISK: Sander Gulliksen tok eit friår etter fullført vidaregåande skule. Til hausten er det tilbake til studiene. – Eg kan ikkje seie at eg merkar noko frå då eg var var sjuk i 2006, seier han.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

For tort og svie betalte Gilde mellom 20.000 og 175.000 kroner i erstatning til dei som vart smitta av E. coli-bakterien, og deira familie. Saman med beklaginga, vart alle også invitert til Hunderfossen.

I neste veke fyller Sander 20 år. Dei dramatiske vekene i 2006 er ikkje noko som pregar han. Han ber alle som no går igjennom det same som han, om å halde håpet oppe.

Espen har eitt råd å gi, både til råka og alle rundt:

– Ver til for kvarandre, og støtt kvarandre gjennom ei tøff tid.

Espen Gulliksen, Sander Gulliksen og Beate Leirgulen

INNTRYKK: Det gjer inntrykk både på pappa Espen (t.v.), Sander og mamma Beate å sjå og lese om E. coli-utbrotet på Askøy.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK