Hopp til innhold

Dette skaffar pengar til fotballklubben – bli med til butikken som har nesten alt

I 15 år har to driftige damer drive butikk som gjev hundretusenvis av kroner i inntekter til fotballen i Stryn.

I bruktbutikken i Stryn sentrum sel Hilde Kandal og Ingrid Eikenes det som andre har lyst å kvitte seg med.

– Her har vi det meste; sko, pelskåper, kunstige blomar, sofa og kaffiservise, fortel damene.

Det heile starta i 1999 for å samle inn pengar til fotballklubben. Dei ville gjere noko som skaffa meir pengar enn eit kakelotteri og heldt i to år på med loppemarknad.

– Det blei så populært at vi starta butikk då vi fekk tak i billeg lokale.

200.000 kroner i året dreg damene inn på fritida – pengar som går rett til fotballen i Stryn.

Fekk heimebrentapparat

Inne i butikken finn vi buesofaer, leksikon, porselen, parykkar, slalåmski, trøorgel, champagneglas og gardiner – det er nesten ikkje ein ting du ikkje kan kjøpe på bruktbutikken i Stryn.

– Her er det mykje forskjellige, men kva er det galnaste de har fått inn?

– Vi har fått garasjeportar og eit heimebrentapparat. Lensmannen var innom og vi spurde om vi kunne selje det. Det kunne vi, men kjøparen hadde ikkje lov å bruke det, ler dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bruktbutikk i Stryn

POPULÆR BUTIKK: Hilde Kandal og Ingrid Eikenes, her saman med ein ung hjelpar, har drive bruktbutikk i mange år – til stor glede for folk i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Sunnmøringane likar butikken

Kvart år får dei inn 200.000 kroner brutto, trass prisar som er så låge at også sunnmøringar besøkjer butikken.

– Det er mange møringar som kjem hit. Dei er så nøgde med prisane i forhold til prisane i bruktbutikkane der heime.

Dei to damene tykkjer dei er heldige som får vere med å samle inn pengar til den aldersbestemte fotballen i Stryn.

– Det blir gjerne 8–10 timar i veka, for av og til har vi også ope på laurdagar.

Finn mange skattar

Butikken har ope kvar torsdag ettermiddag og har blitt ein kjempesuksess. Kundar som Anny Walaker Njøsen kjem gong etter gong.

– Ja, eg har vore her nokre gonger. Eg elskar slike butikkar med flotte skattar, til fabelaktige prisar. Og så er det bra at eg kan levere det eg ikkje vil ha sjølv

– Kva tykkjer du om damene som driv bruktbutikken?

– Dei brukar mykje tid på dette og det står det respekt av, seier Njøsen.

Eldsjelene Hilde Kandal og Ingrid Eikenes fekk frivillegprisen i Stryn kommune i oktober i fjor for alt arbeidet dei har lagt inn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bruktbutikk i Stryn

MANGE SERVISE: Det er mykje spennande å velje mellom blant servisa – til mange forskjellige prisar.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er to fantastiske damer

Nils Petter Hauge i fotballgruppa set stor pris på butikken. Pengane som kjem inn betyr mykje for fotballklubben.

– Butikken er stappfull av folk som følgjer trenden med resirkulering av ting. Her er alle typar folk som kosar seg og det er to fantastiske damer som driv butikken. Dei er dei fremste representantane for dugnaden i Stryn, seier han.

No står dei driftige damene i butikken og tek imot nye varer. Dei har allereie fått inn 23 kassar med julepynt berre sidan nyttår. Men no gler dei seg til vinterferien er over, for då skal dei pakke ut noko anna fint.

– Vi har åtte kassar med fin og gul påskepynt. Det gler vi oss til å ta fram, seier Kandal og Eikens.