Hopp til innhold

No dreg Hallvard til Alaska for å oppfylle langrennsdraumen

Langrennstalentet Hallvard Sørheim Evjestad (20) frå Gaupne dreg til Alaska for å satse for fullt på langrennsdraumen.

Hallvard Sørheim Evjestad

TEK SJANSEN: Hallvard Sørheim Evjestad ser fram til å få nye utfordringar på langrennslaget til Universitetet Fairbanks i Alaska.

Foto: Alf Henning Evjestad

– Eg har fått plass på langrennslaget til Universitetet til Fairbanks i Alaska. I august flyttar eg dit for å satse på ski og studere litt, seier Evjestad.

Han ser fram til å få sjansen til å prøva seg i eit nytt miljø.

– Det er litt skummelt, men mest av alt er eg glad for at eg har fått sjansen. Det har vore draumen veldig lenge å kunne få satse på langrenn. Å få flytte til Alaska er ein veldig bonus, seier Evjestad.

Gjekk glipp av oppkøyringa i fjor

Han gjekk to år av vidaregåande på toppidrettsgymnaset på Lillehammer, og tok siste året ved Sogndal vidaregåande.

Fjorårssesongen vart spolert på grunn av ein lei virussjukdom i oppkøyringa, noko som førte til at dei beste resultata let vente på seg.

– Eg var sjuk i nesten to månadar på hausten, så eg gjekk glipp av mykje av grunntreninga. Det prega sesongen min, seier Evjestad.

Trass i dårleg oppkøyring, gjekk han gode renn, men stabiliteten vart dårleg.

– Det gjekk mykje opp og ned. Eg hadde eigentleg håpa på ein betre sesong, for i starten av september låg eg godt an. Men slik gjekk det ikkje, seier Evjestad.

Har fått ein god avtale

No fungerer kroppen som han skal, og signala er gode.

– Eg har sett rekordar både i treningsmengd og testløp, så no ligg eg godt an, seier Evjestad.

Sidan han er teken ut på stipend, får han det meste av utgiftene med opphaldet dekt.

– Det er litt andre ordningar der borte enn her. Det er stor prestisje for universiteta å ha gode idrettsutøvarar. Eg får eit stipend av skulen som dekkjer både opphald, skulepengar, mat og nesten alt eg kan tenkje meg. Så det vert lite utlegg for meg, noko eg er glad for, seier Evjestad.

For det kostar å drive med langrenn.

– Det er ein dyr idrett. Det kostar mykje kvart år, både i utstyr og i reising. Dette er nok ein ganske gullkanta avtale økonomisk, samanlikna med det eg er van med, seier Evjestad.

Tek eitt år i slengen

Langrennsløparen hadde uansett valt å satse for fullt på idretten denne sesongen, sjølv om tilbodet frå Alaska ikkje hadde dukka opp.

– Hadde eg ikkje fått dette tilbodet, hadde eg prøvd å skrape saman nok sponsorpengar til at eg skulle kunne satse. Men dette gir meg moglegheita til å få oppleve ein heilt annan kultur, samtidig som eg satsar for fullt, seier Evjestad.

Han presiserer at han tek eitt år om gangen når han no flyttar til andre sida av kloden, men ved universitetet i Fairbanks har dei ikkje lagt skjul på at dei ønskjer at lustringen vert verande i fire år.

– Dei vil helst at eg skal vere der i fire år, som er heile studieløpet. Men til mamma og pappa må eg berre seie at eg tek eitt år i slengen. Og det er vel slik eg tenkjer på det også. Trivst eg, blir eg. Viss ikkje, kjem eg heim, seier Evjestad.

Trur det er dette som skal til

Han trur det er dette som skal til for at han skal kunne utvikle seg endå eit hakk. Dei siste åra har han vore ein av dei beste utøvarane på krinslaget til Sogn og Fjordane.

– Eg er viss på at det er eit betre lag enn det eg har vore på, så det vert ei oppgradering. Det er mange gode skiløparar der, så eg kjem nok neppe til å vere heilt i toppen umiddelbart. Eg kjem til å gå god matching i eit godt miljø, seier Evjestad.

Han er ikkje redd for å bli skremd av store treningsmengder.

– Nei, eg ligg godt an, så det er eg rimeleg sikker på. Eg trenar nok meir enn dei fleste der borte, seier Evjestad.