OL-helten tok NM-gull 19 år etter at han la opp

FØRDE (NRK) :– Eg legg opp igjen no, seier Martinus Grov.

Wenche-Lin Hess og Martinus Grov, NM i Førde

SØLV OG GULL: Wenche-Lin Hess og sambuaren Martinus Grov sikra familien to NM-medaljar i dag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

27 år etter OL-bragda i Barcelona, gjorde Martinus Grov (44) comeback som bogeskyttar i helga. Under NM å heimebane, gjekk han like godt heilt til topps.

– Det kom tilbake ein del, både kjensler og litt teknikk. Litt gamle gode skot hadde eg også. Det var kjekt, seier Grov.

Viste gamle takter

Martinus Grov med comeback under NM i bogeskyting

SKAUT TIL GULL: Martinus Grov har funne fram bogen att. Men berre for denne gongen.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Med berre eit fåtal av løyste piler sidan han la opp i 2000, viste 44-åringen gode gamle takter under kvalifiseringa fredag. Med 573 poeng tok Grov seg greitt vidare til utslagsrunden. Sjølv håpa han på mellom 580 og 590.

I finalen venta Arve Mosand (Skreia), som gav han kamp til døra om NM-gullet.

– Eg opna med nokre dårlege skot, og han følgde godt på. Han skaut godt og tok nokre poeng på meg også, seier Grov.

Mosand såg det ikkje som noko nederlag å tape 2-6 for Grov.

– Eg har aldri kome så langt før, så det var ein siger i seg sjølv å komme til finalen. Å attpåtil møte Martinus Grov der, var litt spesielt. Han er tidenes beste bogeskyttar i Noreg, seier Mosand.

Vil ha Grov med vidare

Steinar Risinggård er presidenten i bogeskyttarforbundet og følgde finalen frå Førdehuset. Ikkje berre tok Martinus Grov eit NM-gull, men sambuaren Wenche-Lin Hess tok også NM-sølv i dag. Av lokale utøvarar vann Jan Ove Hogrenning (Loen) klassa Rekurv 50.

Verd å legge til, dei aller beste skyttarane i Noreg var på landslagssamling.

Risinggård håpar dei to vil vere med vidare.

– Eg håpar dei vil ta del i miljøet igjen. Det trur eg hadde styrka heile bogeskyttaridretten, seier han og var imponert over Grov.

– Verkeleg godt å sjå dei tilbake igjen, og vi ønskjer dei tilbake att. Men me skjønar at dei må få ta sine eigne avgjerder, seier han.

Nådde mettingspunkt

Grov hadde nådd eit mettingspunkt då etter OL i 2000. Både han og sambuaren Hess var landslagsutøvarar då dei stifta familie og la opp.

Martinus Grov

OL: Sydney vart Martinus Grov sitt tredje og siste OL som bogeskyttar. Han deltok også i dei føregåande olympiske leikar, i Barcelona og Atlanta.

Foto: Peter Krüger / NTB scanpix

Grov fekk sitt nasjonale gjennombrot då han som 15 åring vart norsk juniormeister. Sidan vart det 14 NM-titlar og eit nordisk meisterskap.

Den største prestasjonen leverte han likevel som 17-åring under sommar-OL 1992.

Med tap mot franskmannen Sébastien Flute i semifinalen og britiske Simon Terry i bronsefinalen, vart det til slutt fjerdeplass. Flute tok til slutt gullet. Grov leverte den beste plasseringa ein norsk bogeskyttar har gjort i OL.

Førdianaren har ikkje løyst mange piler sidan han la opp. Overraskinga var difor stor då namnet hans blant dei 351 påmelde til meisterskapen i Førdehuset.

– Det var kjekt. Det var stort med NM her i Førde. Spørsmålet var om eg skulle hjelpe til med å arrangere, skyte sjølv eller gøyme meg vekk. Eg er glad eg skaut sjølv.

– Det angrar du ikkje på no?

– Nei, no var det kjekt.

Ikkje langvarig comeback

Prestasjonen i Barcelona gav Grov Karolineprisen, ein pris som blir delt ut årleg til elevar i den vidaregåande skulen som kombinerer gode skuleresultat med toppresultat innan idrett, kunst og kultur.

Seinare har også skiskyttaren Johannes Thingnes Bø og fotballspelaren Martin Ødegaard fått prisen.

Men noko ny karriere freistar ikkje, sjølv etter NM-tittelen i helga.

– Nei. Det krev for mykje tid. Eg hadde min sjanse. Nivået er nok litt høgare i dag, og det er fleire gode enn då eg var aktiv. Kroppen min er heller ikkje 20 år.