NRK Meny
Normal

Draumetrekning for Førde i cupen - møter Brann heime

Det kan bli folksamt på tribunene når Førde møter Brann i 1. runde i cupen 13. april.

Julian Madsen

HEILT KLAR: Julian Madsen gler seg stort over at Førde skal møte Brann i cupen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Draumetrekning er vel det første eg tenker. Vi hadde eit håp om å få møte eit skikkeleg godt fotballag og Brann er jo det. Eg tenker at dette neppe kunne blitt særleg betre, seier hovudtrenar for Førde sitt A-lag, Julian Madsen.

Han har trua på at Førde sitt 2. divisjons-mannskap skal vere god nok til å yte eliteserielaget Brann motstand.

– Så får vi sjå kva resultatet blir til slutt. Det er klart at Brann spelar to divisjonar over oss, og det skal vere ein skilnad. Vår plan er å gjere den skilnaden så liten som råd er akkurat den dagen der.

Om kampen kjem til å bli spelt på ei vinterprega grasbana på Førde stadion, eller på kunstgraset i Hafstadparken er ikkje avklara. Det blir eit spørsmål mellom klubben og forbundet.

Julian Madsen er uansett ein glad optimist med tanke på det som kan bli eit morosamt oppgjer for Førde sine spelarar.

– Hadde vi møtte Brann hundre gongar, så hadde vi nok tapt 90 kampar, så hadde vi kanskje spelt uavgjort nokre kampar – og kanskje den eine dagen så får du sigeren. Draumen vår er at den eine dagen med Førde-siger kjem då, seier Madsen.

Kampane med lokale lag i 1. runde i NM blir spelt slik:

Brattvåg–Florø

Førde–Brann

Valdres–Sogndal