NRK Meny
Normal

Draumestart på vinterferien

Knallsol frå skyfri himmel og glitrande skiforhold. Vinterferien kunne ikkje fått ein betre start, verken for dei ferierande eller skisentera.

SKIFERIE: Vinterferien fekk ein best mogleg start i dag, med sol og store mengder snø.

– Fantastisk, eg har med tre jenter på ti år og dei elskar det, seier Ina Ørjansen.

Ho står i køen til skiheisen på Jølster skisenter på vinterferien sin første dag.

– Vêret er påskevêr, det går ikkje an å klage på noko. Det å få vere ute og ha fri på ein dag som dette er ei glede, seier Ina Ørjansen.

I dag vakna mange vestlendingar til sol og vindstille. I både alpinanlegg og langrennsspora har det vore full rulle.

Ferie med ski på beina

– Veldig fint, sol og laussnø, seier Ludvig Skovro og Niclas Bergset Svalheim om lag i kor.

Dei brukar den første feriedagen i alpinbakken, men det vert ikkje den siste.

– Vi skal sikkert vere her onsdag, torsdag og fredag, seier Bergset Svalheim.

Men det er ikkje berre dei som har fri frå skulen som jublar over den stabile vinteren med store mengder snø. Skisentera har hatt ein eventyrleg sesongstart.

– I år har vi vore velsigna med kuldegrader og snø frå oven. Så for Jølster skisenteret så har dette vore ein god og trygg sesong, seier dagleg leiar Even Hole.

Mindre kunstsnø, meir inntening

Allereie før februar er over, har Jølster skisenter hatt fleire opningsdagar enn heile fjoråret. Det seier sitt om snøforholda i fjor.

Even Hole

GLAD: Med gode vêrmeldingar og mykje snø førebur Even Hole seg på ein travel vinterferie i Jølster skisenter.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– I år har vi brukt berre ein tredel av dei pengane vi brukte på kunstsnø i fjor. Så vi er komne godt over fjoråret på alle moglege måtar, seier Hole.

Mange skisenter landet over er avhengig av stor dugnadsinnsats for å få det til å gå rundt. At denne vinteren byr på glimrande forhold, gleder Hole.

– Vi har positive tal, men det som er viktigast for oss er at vi har føreseielege snøforhold, og no kan ha ope til etter påske.