Hopp til innhold

Fast oppmøte ved elvekanten klokka 06

FØRDE (NRK): – Vi gruar oss litt når det bles godt, men vi veit det er godt etterpå, seier Anette Drage og Hanne Stokkebekk som badar i Jølstra kvar morgon.

Friskusane Anette Drage og Hanne Stokkebekk badar kvar morgon klokka 06 i Jølstra. Det gir energi, hvedar dei to morgonkvikke damene.

FRISKT: Dei fleste kosar seg under dyna, når desse damene kastar seg i det iskalde vatnet i Jølstra.

I nokre få minusgrader, med eit ørlite melisdryss av snø på bakken kjem dei to friske damene med store handdukar i armane, tjukke dunjakker og romslege bukser. Elva Jølstra er ikkje akkurat innbydande der den renn svart og stille, og ikkje minst - kald.

– Det gir oss energi. Når eg kjem opp att frå elva og får tørka seg, kjenner ein seg så varm og god heilt inn i margen. Så vaknar ein på ein veldig fin måte, seier Hanne Stokkebekk.

Vinterbadarar i Jølstra

BADAR I ELVA: Anette Drage (t.v) og Hanne Stokkebekk badar i den kalde Jølstra kvar morgon.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Oppmøte klokka 06

Andre ligg gjerne godt under dyna på same tidspunkt som desse damene startar dagen.

– Vi har fast oppmøte ved postkassane klokka 06. Så vi prøver å få det til kvar dag, men det hender jo at vi må kansellere, seier Anette Drage.

Dei har ikkje for vane å sjekke gradene i vatnet.

– Huff, nei vi vågar ikkje å sjekke temperaturen i vatnet. Vi sjekkar temperaturen på land.

Drage vedgår at det er litt vanskeleg å motivere seg når nordavinden bles godt.

– Når du står der i bikini og vinden bles frå alle kantar, og det snøar og er iskaldt, så lurer ein jo litt på om vi berre skal kle på oss att. Men vi veit det er godt etterpå, seier Stokkebekk.

– Må puste med magen

No er Jølstra relativt tappa ned, det betyr at det er ganske langt å gå ut for å få lagt seg ned og symje dei obligatorisk sjølvpålagde ti symjetaka.

Vinterbadarar

- HERLEG START PÅ DAGEN:Dei to isbadarane får reporter Gro Ravnestad til å love å bli med på bading ved eit seinare høve.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Det er kjempekaldt å komme seg ut i vatnet, det er ein pusteøvelse. Ein må puste med magen. Det er viktig å ikkje tenke så masse, seier Drage.

– Når ein kjem på land så er det jo deilig å få på seg kleda, då kjenner ein varmen heilt frå innerst og ut i fingertuppen, seier Stokkebekk.