Hopp til innhold

Draumestart for Sogndal i Skien

Sogndal gjorde alle spådommar til skamme og knuste Odd med 4-0 på bortebane i sesongpremieren.

Sogndal scoret mot Odd
Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIX

- Det er på ein måte uverkeleg. For i fjor var vi ikkje vande med å skåre så mange mål og skape så mange sjanser så det var litt uverkeleg, men eg har tru på laget og visste me var gode. Så på ein annan måte var det ikkje uverkeleg likevel, seier tomålsskårar Tonny Brochmann Christensen.

Ei samla rikspresse har dømt laget nord og ned før sesongstart. Dei fekk svar på tiltale allereie i første kamp. Sogndølane toppar no tabellen etter sin største bortesiger på bortebane i eliteserien nokon gong.

- Dei som dømde oss nord og ned klør seg nok litt i houvdet no. Men for å vera heilt ærleg klør eg meg litt i hovudet sjølv også, seier assistentrenar Terje Skjeldestad.

- Vi hadde det i oss

- Eg visste at vi hadde dette i oss, men at vi skulle kome opp på dette nivået i dag var kanskje litt overraskande, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson, som ikkje umiddelbart avviser ein del journalistar sine spørsmål om Songdal kan kjempe i toppen.

- Vi får sjå. Vi er fornøydde om vi held plassen. Vi skal vere audmjuke og innsjå at det er små marginar i fotball. Vi fekk mål på gode tidspunkt, seier svensken.

Kritikarane fekk svar på tiltale

– Alle hadde forventa at Odd Grenland skulle køyre over Sogndal, men slik gjekk det ikkje, seier NRK sin fotballekspert Karl Petter Løken. Han er imponert over det sogndølene serverte i sesongdebuten.

Etter at laget gjekk av bana med 1–0 leiing i første omgang, hadde Sogndal sine spelarar verkeleg fått sjølvtillit framfor den siste omgangen i Skien. Allereie i dei første sekunda dundra ballen i Odd sin stolpe, og det skulle bli mykje meir moro. For der førsteomgang var jevn, var andreomgang einvegskøyring frå Sogndal.

Tonny Brochmann scorer mot Odd

Vinnar: Tonny Brochmann dunka inn to mål i Skien

Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIX

Etter 57 minutt sette sogndølen Ørjan Hopen inn 2–0 målet, og ikkje mange minutt etter var det Tonny Brockmann sin tur igjen. Men festen den var ikkje over enno, for Henrik Furubotn ville og vise seg fram. Furebotn fekk ballen på 18 meter og banka til. Odd sin keeper Andre Hansen måtte hente ballen ut av buret for fjerde gang. Like etter klinka Furebotn til igjen, og var nær ved å gje Sogndal 5-0.

- Eg var vel ikkje i nærleiken av å skåre i heile fjor, så no berre klinka eg til, seier årdølen.

Åtte utlendingar i Sogndal

Elddåp: Sogndal sin nye trenar Jonas Olsson fekk ein draumestart.

Foto: Montasje

– Sogndal var rett og slett gode, og sette ballen i mål på dei sjansane dei fekk. Rett og slett flott spel, kommenterte fotballekspert Løken.

Enorm Mané

Begge Sogndal sine nyerverva senegalesarar briljerte i Skien. Stephane Diarra Badji kontrollerte kampen saman med midtbanemakker Furebotn, og på topp var Malick Mané eit heilt angrep åleine. Han kom ikkje på skåringslista, men la opp til Brochmann sitt 3-0-mål og var ein konstant trussel.

- Det er jaggu godt overgangsvindauget stenger snart, eller så hadde me mista han, seier Eirik Bakke, som såg kampen frå benken.

- Det verste av alt er at han sikkert er ganske misnøgd når han går herifrå, fordi han ikkje skåra sjølv, seier Bakke - og har heilt rett i det.

- Dette var bra, men det er berre første kampen og eg har ikkje skåra, seier ein rett nok smørblid senegalesar.

Sogndal leier tippeligaen 2012

Mange har meint at Sogndal kom til å hamne i Adeccoligaen etter denne sesongen, men den nye svenske trenaren Jonas Olsson og gutane frå saftbygda ligg i staden på toppen av tabellen etter første kamp.

– Det var ein flott kamp, og no blir Sogndal å rekne med framover. Allereie om ei veke ventar Hønefoss heime på Fosshaugane, då kan alt skje, avsluttar Karl Peter Løken.

- Inte sväva iveg

Trenar Jonas Olsson skrytte over absolutt alle i intervjusona etter kampen. Bestemann Malick Mane, debutant Eirik Skaasheim, ubenytta reserve Eirik Bakke, innbytar Tore Andre Flo og materialforvaltar Dag Martin Fardal fekk alle sitt, før han begynte å roe ned forventningane.

- Vi har sju timar i bussen til å nullstille oss. No gjeld det at vi ikkje "svevar iväg". Dette var ein kamp. Vi har 29 igjen, seier Olsson.