Hopp til innhold

Draumen om å bli som Gustav Valsvik

VIK (NRK): For Eirik og kompisane er draumen om å lukkast som fotballspelar blitt litt meir handfast. Fredag blei nemleg ein sambygding fotballproff i Tyskland.

Eirik Berglund

IVRIGE VIKJER: Eirik Berglund og venene hans sparkar fotball nesten kvar dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– No er det Eirik sin tur, ropar målvakt Sander Christensen.

Eirik Berglund legg ballen på plass og tek fart. Med flat rist skyt han hardt mot mål, og sjølv eit kattesprang frå klassekameraten Sander greier ikkje å stoppa det godt plasserte skotet.

Det er oppvarming under grå skyer på kunstgrasbana i Vik, men litt sommaryr betyr lite no. Sju fotballgutar på åtte og ni år har fått noko heilt anna å tenkja på.

– Gustav Valsvik. Han er blitt proff for eit lag i Tyskland, som eg ikkje veit kva heiter, ler Sander.

– Verdas beste

Om niåringen ikkje kan namnet på det nye fotballaget til Valsvik, så veit han ein god del om sambygdingen:

Sander Christensen

TRYGT GREP OM BALLEN: Sander Christensen tykkjer det er kult at Gustav Valsvik er blitt proff i Tyskland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Han har spelt på Vik, Sogndal, Strømsgodset, og han kjem frå Vik.

– Det er kult at han er blitt proff, seier Finn Siegersma. Finn, som sparkar fotball nesten kvar dag, har ein liten draum:

– Eg har veldig lyst til å bli verdas beste fotballspelar.

Beit sølvmedaljen til Gustav

Fotballsparkarar i Vik

OFTE PÅ BANA: Framme: Sander Christensen (f.v.), Finn Siegersma, Emil Christensen og Martin Myrkaskog Holen. Midten: Sondre Myrkaskog Holen (f.v.), Espen Siegersma og Eirik Berglund. Bak: Victoria Christensen

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg og Sondre på lag, ropar éin.

Det er tid for å dela inn i lag, men det er ikkje alltid heilt enkelt.

– Nei, eg og Emil, seier ein annan.

Og til slutt må Sander si storesyster på 11 - Victoria Christensen - skjera gjennom.

Victoria er Strømsgodset-fan og har vore det sidan ho var fire år gamal då onkelen tok henne med til Drammen for fyrste gong. Sidan har 11-åringen og onkelen vore på fleire Godset-kampar kvart år.

Victoria hugsar godt då Gustav Valsvik gjekk frå Sogndal til Strømsgodset for to år sidan:

– Det var skikkeleg kjekt å sjå han spela, spesielt den kampen då dei vann sølv i serien. Då fekk eg lov til å bita i medaljen hans.

Victoria Christensen

GODSET-FAN SIDAN HO VAR FIRE: - Gustav viser at folk frå små plassar kan bli skikkeleg gode, seier Victoria Christensen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Du og Gustav kjem frå den same plassen; korleis er det?

– Veldig kjekt. Det viser at folk frå små plassar kan bli skikkeleg gode.

Onkel i 1. divisjon

Ut på bana er kampen i gang. To av spelarane er Martin og Sondre Myrkaskog Holen. Dei to brørne veit godt om ein annan kar frå Vik som nettopp har kome til ein god fotballklubb, nemleg onkelen Øystein Myrkaskog, som gjekk frå Førde til 1. divisjonslaget Åsane i førre veke.

På søndag kunne Sondre, Martin og kompisane sjå onkelen spela kamp på fjernsynet.

– Øystein hadde mange sjansar, og éin ball var inne, men dommaren såg det ikkje, seier Sondre.

Ser Øystein Myrkaskog på TV

ONKELEN PÅ TV: Sondre og Martin Myrkaskog kunne søndag sjå onkelen Øystein Myrkaskog på Ipad-en då Åsane spelte mot KFUM Oslo, her saman med Eirik Berglund, Finn og Espen Siegersma og Sander, Emil og Tuva Christensen.

Foto: Jarle Christensen

– Det er kjempegøy. Me kan ringja han når me vil, og når han kjem heim, kan me berre gå bort til han, for han er hjå mormor, og ho bur like attmed oss, seier Martin.

– Tren, og gi ikkje opp

Tvillingbrørne er på bana nesten kvar dag. Av og til er onkelen med dei.

– Ein gong skaut me nesten ballen på elva, ler Sondre.

Gustav Valsvik

FYRSTE UTANLANDSPROFFEN FRÅ VIK: Gustav Valsvik spelte 133 eliteseriekampar for Sogndal og Strømsgodset før han blei proff i Tyskland før helga.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Har onkel sagt noko om kva de må gjera for å bli skikkeleg gode fotballspelarar?

– Ja, trena og ikkje gi opp.

– Trur du Gustav har trent mykje?

– Ja, han har sikkert trent masse.

– Men trur de verkeleg det går an å koma frå Vik og bli ein god fotballspelar?

– Jaaa, kjem det høgt og samrøystes frå Sondre, Martin, Finn, Sander og resten av fotballkameratane.

Ps. Det nye laget til Gustav Valsvik heiter Eintracht Braunschweig.